Kvikkas kjoeper Norpost
I MÅL: Jan Even Walderhaug, Kristoffer Fausa og adminstrerande direktør Stig Kleive (t.h) i Kvikkas.  I jakke advokat Ole-Reinhart Notø i Adviso, som har vore rådgjevar i forhandlingane etter at underleverandøren Norpost slo seg konkurs på onsdag.
Nytt

Kvikkas kjøper Norpost

Tek over storparten av dei tilsette i underleverandøren. Får hjelp av eigarane.

18.03.2019
- Vi har kjøpt konkursboet etter Norpost, seier administrerande direktør Stig Kleive i distribusjonsselskapet Kvikkas.
Prisen vil han ikkje kommentere.
Norpost er den viktigaste underleverandøren for Kvikkas, som i fjor vann oppdraget med lå stå for andsomfattande laurdagsdistribusjon av ei rekkje aviser.
Etter at Norpost slo seg konkurs onsdag har det gått nesten døgnet rundt for Kleive og kollegaene. Norpost har stått for storparten av den fysiske jobben med få laurdagsavisen ut i postkassene. Utan ei rask løysing for Norpost risikerte Kvikkas at selskapet ikkje ville greidd å få avisene ut.

Tek over tilsette

No er avtalen på plass. Kvikkas tek over cirka 775 tilsette i Norpost, i følgje bustyrar Stine D. Snertingdalen.
Kvikkas satsar på å drive vidare, også med distribusjonsverksemda som Norpost har gjort for andre.
- Ja, svarar Kleive på om han reknar med av avislesarne får avisene sine også førstkomande laurdag.
Kvikkas var kjent med at Norpost hadde eit tungt økonomisk år i fjor, slik at konkursen ikkje kom fullstendig overraskande. Men det blei likevel svært kort frist for å finne ei løysing.
- Det har vore ein hektisk prosess her hos oss. Vi har jobba nærast døgnet rundt, seier Kleive.

Novela er med

Etter det NETT NO har grunn til å tru er stoaksjonæren Kvikkas Novela med og finansierer kjøpet av Norpost.
Det regionale investeringsselskapet Novela gjekk i fjor inn som 80 prosent eigar i Kvikkas gjennom selskapet Novela Kvikkas.
Investeringa i Kvikkas var den første Novela gjorde i eit selskapet på Nordvestlandet.

 Det har vore ein hektisk prosess her hos oss. Vi har jobba nærast døgnet rundt

Publisert: 18.03.2019 15:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:07