Havila Fortune
SELD: Havila Sjhipping har seld Havila Fortune. Foto: Wikimedia Commons
Nytt

Kvittar seg med to skip

Havila Aurora og Havila Fortune skal ut av offshore.

28.04.2022

Havila Shipping har seld dei to forsyningsskipa Havila Aurora og Havila Fortune.

Kjøparen har forplikta seg til at fartøya ikkje skal brukast i offshore, vert det opplyst i ei børsmelding.

Søsterskip
Dei to PSV-ane er søsterskip som vart bygde ved Havyard Tomrefjord i 2009. Skipa er 74,8 lange, 16,4 meter breie, har eit dekksareal på 683 kvadratmeter, og er innreidd for 31 personar.

Havila Aurora ligg no ved Green Yard Kleven, medan Havila Fortune ligg på Moltu, der skipet har lege i opplag.

Havila Shipping opplyser at sala er gjort i samsvar med gjeldande restruktureringsavtale.

Overlevert i dag
Havila Aurora vart overlevert kjøpar i dag, medan Havila Fortune etter planen skal leverast i løpet av mai.

Havila Shipping opplyser at sala vil ha avgrensa effekt på likviditeten i selskapet.

Publisert: 28.04.2022 15:56

Sist oppdatert: 28.04.2022 16:08

Mer om