Nytt
Kystruten kansellerer nok ein seglas
Veka starta dårleg for Sævik-reiarlaget – men på børs peiker pilane opp.
Marius Rosbach
02.05.2022
Havila Kystruten melder måndag at dei ser seg nøydd til å kansellerer nok en rundtur Bergen-Kirkenes med Havila Capella.
Reiarlaget beklagar situasjonen og viser til at det ikkje er kome nokon avklaring for forsikringstrøbbelet for skipet.
På Oslo børs stod aksjekursen til reiarlaget likevel med ein minimal nedgang ein times tid etter børsmeldinga kom.
To andre Sævik-dominerte selskap, Havila Shipping og Havyard, hadde begge stege med høvesvis 6,25 og 2,54 prosent på same tidspunkt.
Publisert: 02.05.2022 12:38
Sist oppdatert: 02.05.2022 15:23