Kystvakt oppdrag i boks
FORSVARSKONTRAKT: KV Svalbard i isen. Vard skal tre nye kystvaktfartøy.
Nytt

Kystvakt-oppdrag i boks

Vard skal bygge for over fem milliardar kroner.

25.06.2018
Dei tre kystvaktskipa skal utrustast hos Vard Langsten, skroga skal byggast på Vardverftet Tulcea i Romania.

Heile prosjektet er kostnadsrekna til 6,8 milliardar kroner. For Vard utgjer det oppdrag for "over fem milliardar kroner" i følgje børsmeldinga.
Vard ba tidlegare i dag om pause i handelen med Vard-aksjar i påvente av ei kunngjering. Den kunngjeringa var altså at kystvakt-oppdraget var sikra.

Milliardoppdrag

Med kystvaktoppdraget i boks har Vard tatt eit langt steg i retning å sikre seg ei solid ordrebok.
Veftskonsernet har og ein intensjonsavtale med cruise-reiarlaget Viking ein intensjonsavtale om å byggje to cruiseskip for til saman 4,5 milliardar kroner. Målet er å signere ein bindande avtale til sommaren.

Tidlegare i år har Vard offentleggjort to cruiseskipskontraktar med reiarlaget Ponant, ei ferje med Boreal og ein mindre fiskebåt med Hans Remøy. Til saman utgjer dette oppdrag for cirka 2,1 milliardar kroner.
I tillegg til kystvaktoppdraget har Vard frå starten av april og fram til i dag offentleggjort avtalar om , eintil cirka 400 millionar kroner og ein .

Berre norsk

Regjeringa definerte bygging av kystvaktskip som å vere eit spørsmål som gir rom for å bygge hos norske verft av nasjonale sikringsomsyn.
I første omgang vart seks verft plukka ut, deretter vart det snevra inn til tre, før Vard til slutt sto att som kandidat. Det blei kjent då regjeringa i fjor haust la fram forslaget til statsbudsjettet for 2018.

Etterpå at regjeringa og Vard forhandla vidare om ein endleg avtale.
I april bar regjeringa løyve 6,8 milliardar kroner til bygging og utrusting av skipa, og fekk tommelen opp.

No er forhandlingane i mål og Vard skal bygge kystvaktskipa hos Vard Langsten i Tomrefjord. Det første skipet skal leverast i første kvartal 2022, det tredje i første kvartal 2024.
Kleven og Westcon var dei to andre verfta i finalerunden.
Skipa er teikna av LMG Marin og Vard i fellesskap. Dei blir 136 meter lange og 22 meter breie.

Publisert: 25.06.2018 09:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23