NPK-NTB: Sjøforsvaret stadfestar at dei har auka nærværet av kystvaktfartøy i Nordsjøen i påvente av Brexit.
Fredag varsla regjeringa at fiskebåtar frå land utan gyldig fiskeriavtale med Noreg, ville bli stengt ute frå norske terrorialfarvatn frå nyttår.
Noreg og Storbritannia kan vere klar med ein felles ny fiskeriavtale allereie på nyåret, skriv .
Det inneber at Kystvakta først og fremst førebur seg på å jage EUs fiskeflåte ut av norske fiskerisoner.
Den nye sjefen for Kystvakta, kommandør Oliver Berdal, fortel at Kystvakta har auka nærværet sitt i Nordsjøen og følgjer med på situasjonen for å vere klare ved ei eskalering.
– Vi er førebudde på å utplassere fleire fartøy i Nordsjøen om det blir nødvendig. Men førebels har vi ikkje indikasjonar på at dette blir nødvendig med det første, seier Berdal.
Han understrekar overfor Nationen at han opplever forholda mellom Noreg og Storbritannia som avklart og at tilgangsnekt til norske økonomiske soner ved årsskiftet først og fremst er retta mot EUs fiskeflåte.

Publisert: 15.12.2020 09:01
Sist oppdatert: 07.04.2021 21:34