Kårar årets ungdomsbedrift
Over 100 ungdomsbedrifter frå Vestland og Møre og Romsdal konkurrerer om plass i nasjonal finale.
Tysdag (Vestland) og onsdag (Møre og Romsdal) skal kandidatane til den nasjonale finalen i Årets ungdomsbedrift kårast.
Dette er ein konkurranse for elevar på vidaregåande skule, der målet er å fremme vilje, evne og kunnskap til å starte og drive nye bedrifter.
Sjå sending for Vestland kl. 12:00 tysdag
Sjå sending for Møre og Romsdal kl. 11 onsdag
Vestland - som omfattar Sogn og Fjordane og Hordaland - har omlag 90 bedrifter påmelde.
Mellom dei er Handygjengen (handverkartenester) frå Eid, Greener Paint (maleverktøy), Multiflask (drikkeflaske) og Nordfjord Fifa (dataspelkonkurranse-arrangør) frå Stryn vidaregåande skule.
Frå Sunnmøre Sykkylven vidaregåande skule med Brikk (bordskåne-brikkar), Studentbobla (nettside med rabattoversikter) og Stålt (mekanisk handverk og industri).
Frå Stranda vidaregåande skule er Spicy Salsa (lagar salsaprodukt) og Ung Velger (politisk informasjon) årets kandidatar.
Spjelkavik videregående skole har tre kandidatar, Green Life (spill om resirkulering), Heat (gryteunderlag i filt) og Re-Seat (sykkelsetetrekk mot regn).
Frå Borgund Videregående stiller Studio Proactive (munnbindprodusent) og Herøy Vidaregåande skule stiller med bedrifta Ferdig Pakka (catering).
Publisert: 15.03.2021 16:06
Sist oppdatert: 16.03.2021 15:08