Koeyrer inn millionar fraa filmbransjen
FAMILIEBEDRIFT: Jorunn og Tore Aakre (framme) saman med borna Camilla Aakre (t.v. bak), Torbjørn Aakre og Lene Aakre Nilsen. Til høgre inne frå ein av Vip-bilane. 
Nytt

Køyrer inn millionar frå filmbransjen

Frå basen på Valderøya har Trips of Norway jobba med storfilmar som Mission Impossible og James Bond. På kort tid har selskapet vokse mykje.

Marius Rosbach
21.02.2020

Selskapet Trips of Norway har spesialisert seg på å sørge for at filmproduksjonar som kjem til Norge, har alt dei treng av bilar og transport.

– Vi har levert transport og logistikk til stort sett alle dei store filmane som har vore i Norge dei siste åra, fortel Tore Aakre som eig familieselskapet.

I 2019 køyrde firmet inn ei omsetning på 8,6 millionar kroner, ei kraftig auke frå oppstartsåret då inntektene enda på 5,2 millionar. Fjoråret enda også med eit lite overskott, ifølgje årsmeldinga til Brønnøysundregistera.

Familiebedrift på fem
Heile familien på fem er involverte i drifta og dottera Lene Aakre Nilsen står for den daglege drifta.

Aakre har tidlegare drive i transportbransjen, men måtte melde oppbod i kjølvatnet av Brødboksen-konkursen i 2018. Same året starta han opp Trips of Norway med kona Jorunn Akre.

Dei har avdelingar i Ålesund og på Valderøya, der dei også har tilhøyrande verksemd som dekkhotell og bilvask. Dei leiger også ut bubilar, men det er mest i sommarsesongen.

Har opptil 90 personar i sving
I løpet av dei siste åra, er det gjort opptak til ein rekke filmar i Norge, og fleire på Nordvestlandet. Det har gitt bedrifta eit vekstområde.

nettnohalf

– Det har alltid vore mykje filmproduksjon i Norge, men det blir lagt meir merke til når det kjem store produksjonar med fleire hundre menneske. Vi har mellom anna vore med på Mission Impossible, James Bond og Top Gear, fortel Aakre.

Transport- og logistikkbedrifta har opptil 90 personar i sving på dei største oppdraga. Mange er midlertidig tilsette, og ein del sjåførar har også eigne selskap.

Mykje logistikk
Det er eit stort logistikkpuslespel som skal på plass når eit filmteam reiser rundt. Aakre fortel at dei er med på både planlegging, gjennomføring og etterarbeid.

– Vi jobbar med fleire store filmselskap, men True North er vår største kunde, som i stor grad engasjerer oss etter som vi har kapasitet, seier Aakre.

I hovudsak dreier jobben seg om å sørge for transport både av filmcrew og utstyr – men nokre gonger leverer dei også bilar til bruk på filmlerretet.

Les også: 2700 nye arbeidsplassar i nordvest fjor

Arnstein starta som omreisande fiskehandlar

Fuglefjellet: - 2019 blir et meget bra år for oss


Det har alltid vore mykje filmproduksjon i Norge, men det blir lagt meir merke til når det kjem store produksjonar med fleire hundre menneske

Trips of Norway

Årsresultat (i mill kr)

2019

2018

Driftsinntekter

8,7

5,3

Driftsresultat

0,7

-1,4

Res. før skatt

0,5

-1,7


Publisert: 21.02.2020 05:55

Sist oppdatert: 11.10.2021 10:11