Laagare aktivitet ved Vard verfta
FRAMLEIS MINUS: Den førebelse årsrappporten til Vard-eigar Fincantieri som kom onsdag, viser at 2019 framleis var eit tøft år for verfta. 
Nytt

Lågare aktivitet ved Vard-verfta

Koronakrisa påverkar også den maritime industrien. Men arbeidarane i Brattvåg er sikra meir jobb framover.

Marius Rosbach
02.04.2020
Koronakrisa gir ringverknader til den maritime industrien. Kommunikasjonssjef Hege Anita Akselvoll opplyser at Vard har lågare aktivitet enn vanleg ved sine tre verft som følgje av situasjonen. Det er likevel ingen dramatisk situasjon per i dag.
– Dei fleste er i arbeid anten på verfta, eller heimekontor. Vi har eit mindre tal permitterte per i dag, fortel ho til NETT NO.
Samtidig følgjer dei situasjonen tett og har høg merksemd kring smittevernførebyggande tiltak ved alle avdelingar.

Synspunkt:


Første med Vard-design til Færøyane

Onsdag kveld kunne at dei hadde inngått ei kontrakt om bygging av ein hekktrålar for P/F Akraberg, som er eit dotterselskap av Framherji på Færøyane.

Vard har levert fleire fiskefartøy til færøyske selskap, men dette er første gongen dei inngår ei kontrakt med eige design. Prisen er oppgitt å være på drygt 500 millionar. Færøyske aviser har spekulert i at avtalen er gunstig for reiarlaget, grunna valutasituasjonen med ei svekka krone.
Vard-eigar Fincantieri o at dei fekk eit underskott i fjor, mellom anna grunna nedskrivingar av Vard-aksjar. Forretningsområdet offshore og spesialskip, som berre omfattar Vard-selskap, hadde eit driftsunderskot før av- og nedskrivingar på cirka 1,2 milliardar kroner i 2019.

Les også:


– Eit lyspunkt

Oppdraget gir meir arbeid til arbeidarane i Brattvåg, som skal utruste trålaren etter at skroget er bygd ved Bralia-verftet i Romania. Fartøyet skal leverast i andre kvartal 2022.
– Den nye kontrakten er eit lyspunkt for Vard, våre tilsette og leverandørar, og viser at det er mogleg å sjå framover til trass for utfordrande tider, uttalar Erik Haakonsholm som leiar Vard sitt forretningsområde for offshore og spesialfartøy, i ei pressemelding.
Brattvåg-verftet var nyleg ferdig med ein trålar til Nergårdkonsernet. I februar stadfesta også Vard ei ny kontrakt på ein ny trålar for same kunde. Også denne skal utrustast i Brattvåg og leverast første kvartal 2022.
Verftet har også arbeid med , som Kjell Inge Røkke har bestilt. Det skal vere ferdig frå verftet i forkant av sommaren, og deretter til Tyskland for vidare utrusting.

Les også:



Den nye kontrakten er eit lyspunkt for Vard, våre tilsette og leverandørar, og viser at det er mogleg å sjå framover til trass for utfordrande tider

Publisert: 02.04.2020 14:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55