Laagaste straumpris paa 20 aar
SMELL: Medan brukarane får billegare straum, får både Tussa og Tafjord eit svakare resultat på grunn av låge kraftprisar i år.
Nytt

Lågaste straumpris på 20 år

66 prosent nedgang i kraftprisen sidan i fjor.

16.11.2020
NPK-NTB/NETT NO: Det har vore rekordlåg straumpris i både 2. og 3. kvartal i år. For å finne lågare straumpris for hushalda må ein må tilbake til 3. kvartal i 2000.
Gjennomsnittleg straumpris for hushalda, utanom avgifter og nettleige, var 14,4 øre per kilowattime i tredje kvartal.
Det er omtrent like låg pris som førre kvartal, og ein nedgang på heile 66 prosent samanlikna med tredjekvartal i fjor, skriv .

Mykje vatn

NVE trekkjer i kvartalsrapporten sin over kraftsituasjonen fram at fyllingsgrada i vassmagasina i Noreg ved inngangen til 3. kvartal nær historisk maksimum, og at dette bidrog til svært låge kraftprisar gjennom første del av kvartalet.
Mykje nedbør og snøsmelting førte til at fyllingsgraden auka ytterlegare i perioden og var på 94 prosent ved utløpet til kvartalet, ifølgje NVE.
Dette er nesten 12 prosentpoeng over medianverdien for 3. kvartal i perioden 2000 til 2019.

Innsperra kraft

I den siste vekerapporten om kraftmarknaden skriv analytikar Tor Havåg i Tussa om innsperra kraft som ein av grunnane til at kraftprisen er så låg:
"Sydvestlinken er namnet som nyttast på sentralnettet mellom Hasle i Østfold og vidare sør og austover inn i Sverige, og heile vegen sørover mot Lund og Malmø. Denne sommaren vart det gjort mykje oppgraderings- og vedlikehaldsarbeid både på norsk og svensk side. Det førte til store og langvarige reduksjonar i flyten over dette særs viktige sambandet til utlandet og vidare til Europa. Arbeidet har ført til at krafta har vorte innesperra i Noreg. Norske kraftkundar har nytt godt av dette i form av låge norske kraftprisar i 2020."
Om ikkje Sydvestlinken hadde vore delvis stengt hadde kraftprisane vore vesentleg høgare utover hausten. Tysdag i førre veke var spotprisen 10 øre i Ørsta, men heile 69 øre i Stockholm, skriv Havåg i vekerapporten.
Låge prisar slår også ut i reknskapa til kraftprodusentane. Hittil i år har , viser reknskapen for 2. tertial.
For Tafjord-konsernet har driftsresultatet frå kraftproduksjonen falle frå 96 millionar kroner i 1. halvår 2019 til 14 millionar kroner i 1. halvår 2020.

Nedgang på 33 prosent

Den totale straumprisen for hushald, medrekna avgifter og nettleige, var i gjennomsnitt 72,9 øre per kilowattime i 3. kvartal i år, ifølgje nye tal frå statistikken Elektrisitetspriser.
Dette er ein nedgang på 33 prosent samanlikna med 3. kvartal i fjor. Av den samla straumprisen utgjorde kraftprisen 20 prosent, nettleiga 39 prosent og avgiftene på elektrisk kraft dei resterande 41 prosentane.
Nettleiga og avgifter utgjer ein større del av den totale straumprisen i tider med veldig låg straumpris.

Elspotpriskontraktar billegast

Hushald med kontraktar knytte til elspotprisen hadde den billegaste kontraktstypen i 3. kvartal 2020 med ein gjennomsnittleg straumpris på 12,2 øre per kilowattime, eksklusive avgifter og nettleige.
Gjennomsnittleg straumpris for variabel pris kontraktar var 22,8 øre per kilowattime.
Hushald med nye fastpriskontraktar over eitt år hadde den dyraste kontraktstypen i 3. kvartal med ein straumpris på 38,1 øre per kilowattime. Berre 2 prosent av hushalda hadde slike kontraktar i tredje kvartal i år.

Publisert: 16.11.2020 11:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:05