Obligasjonslångivarane har sagt ja til seismikk-reiarlaget Axxis Geo Solutions sitt framlegg om at selskapet skal sleppe å betale renter på lånet, i bytte mot nye obligasjonar til høgare rente.
Det går fram av ei børsmelding frå selskapet.
Obligasjonslånet er på 35 millionar dollar, og renter på lånet skulle betalast 30 november. No blir i staden rentene, pluss 10 prosent, gjort om til eit nytt lån.
I rapporten for 3. kvartal skriv selskapet at det er i brot med lånevilkåra, og berre har arbeid for ein månad i andre kvartal neste år.
Selskapet opplyste i kvartalsrapporten at det er i samtaler med dei største kreditorane for å kome fram til ein plan for restrukturering av økonomien og innhenting av ny kapital. Eksisterande aksjonærar må rekne med å bli utvatna som følgje av eit slikt grep.
Største aksjonær i selskapet er Havila Holding, med 26,4 prosent av aksjane. Roger Halsebakk sitt investeringsselskap Ronja Capital er nest størst, med 3,5 prosent.
Det går fram av ei børsmelding frå selskapet.
Obligasjonslånet er på 35 millionar dollar, og renter på lånet skulle betalast 30 november. No blir i staden rentene, pluss 10 prosent, gjort om til eit nytt lån.
Pusterom
Avtalen med obligasjonslångivarane sikrar Axxis Geo Solutions pusterom til å finne ein varig løysing for selskapet.I rapporten for 3. kvartal skriv selskapet at det er i brot med lånevilkåra, og berre har arbeid for ein månad i andre kvartal neste år.
Selskapet opplyste i kvartalsrapporten at det er i samtaler med dei største kreditorane for å kome fram til ein plan for restrukturering av økonomien og innhenting av ny kapital. Eksisterande aksjonærar må rekne med å bli utvatna som følgje av eit slikt grep.
Største aksjonær i selskapet er Havila Holding, med 26,4 prosent av aksjane. Roger Halsebakk sitt investeringsselskap Ronja Capital er nest størst, med 3,5 prosent.
Publisert: 14.01.2021 09:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:07