Loenskutt hos Ekornes
LØNSKUTT: Ekornes-sjef Roger Lunde tok formelt over sjefstolen i møbelkonsernet i februar og fekk koronaepidemien nesten rett i fanget. No er det permitteringar og mellombels lønskutt i Ekornes. 
Nytt

Lønskutt hos Ekornes

Ekornes ventar så store inntektstap i andre kvartal at selskapet kan stå i fare for å ikkje oppfylle lånevilkåra. Tilsette og leiinga kuttar i lønene.

27.08.2020
Sjølv om Ekornes QM Hodling Group ser ein vekst i asiatiske marknaden betyr det lite når hovudmarknadane i Europa og USA sviktar under koronapoepidemien. Slik det no ser ut får selskapet får ein markert nedgang i inntektene i andre kvartal, i følgje ei børsmelding:
"In total, the lower demand expected in the second quarter of 2020 indicates a significant decrease in revenue and an associated negative impact on cashflow from operations. This may affect covenant compliance." heiter det i meldinga.
Lånevilkåra er mellom anna at Ekornes skal ha likvide midlar på minst 125 millionar kroner og ein eigenkapital på minst 30 prosent.

Lønskutt

Ekornes stengte møbelproduksjonen i Sykkylven før påske, og kuttar også i bemanning på salskontor i Europa og i fabrikkar i Asia (der datterselskapet IMG produserer). I børsmeldinga i dag varslar selskapet nye tiltak for å kutte kostnadar og sørge for å ikkje gå tom for kontantar.

Eitt av tiltaka er lønskutt. Dei som ikkje er permitterte har gått med på eit mellombels lønskutt på fem til ti prosent, i følgje børsmeldinga. Toppleiinga kuttar løna med 20 prosent, og avstår frå bonus i 2020.

Vil auke netthandel

Ekornes vurderer å auke netthandelen og sjølv bli leverandør direkte til kundane for å bøte på skadeverknaden av stengte butikkdører. Konsernet har utvida netthandelplattformane sine inn i nye marknadar, i følgje børsmeldinga.
Forsyninga og tilgangen på råvarer og deler til møbelproduksjonen er lite forstyrra. Det gjeld og transportlinene inn til anlegga og ut i butikkane.

Publisert: 27.08.2020 12:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55