Loeyver 2 8 millionar til Sceneparken
FOSNAVÅG: Sceneparken i Fosnavåg er nærmare realisering etter støtte frå fylkeskommunen.
Nytt

Løyver 2,8 millionar til Sceneparken

Fosnavåg-satsing får støtte av fylkeskommunen.

06.05.2020
Møre og Romsdal fylkeskommune løyver inntil 2 683 000 kroner til Herøy kommune for opparbeiding av Sceneparken i Fosnavåg sentrum.
Dette skjer etter at kostnadene på prosjektet er nedjustert til 18,4 millionar kroner, etter at det einaste anbodet som kom inn i første runde var på 26,2 millionar kroner.
Opphavleg priskalkyle frå kommunen var på 10,5 millionar.
Sceneparken er eit 1600 kvadratmeter stort areal som ligg solrikt til mellom butikkane i sentrum, vis a vis rådhuset i Fosnavåg, og området skal utviklast til å bli ein plass for opphald, leik og fysisk aktivitet.

- Viktigaste sentrale byrommet

I ei pressemelding frå fylkeskommunen vert det vist til at Herøy kommune har søkt om støtte til etablering av ein lokal kulturarena med tilhøyrande parkområde i Fosnavåg sentrum. Dette er ei forlenging av prosjekt «Solparken», som fekk fylkeskommunal støtte i 2018. Dette prosjektet stoppa opp på grunn av for stort sprik mellom kostnadsoverslag og pristilbod.
- Om utforming og innhald har endra seg sidan 2018, så er målet framleis det same; å etablere det viktigaste sentrale byrommet i Fosnavåg, med kvalitetar som kjem innbyggjarar, besøkjande og næringsliv til gode, seier leiar av kultur-, næring og folkehelseutvalet, Marit Nerås Krogsæter, i pressemeldinga.
- Og kanskje er det først no, med koronapandemien, vi ser kor viktig dei nære og daglege omgjevnadene våre er. Vi meiner derfor det er viktig at Sceneparken blir realisert no, seier ho.
Tildelinga utgjer 33,3 % av totale kostnadar, og blir gitt på vilkår av fullfinansiering. Kultur-, næring- og folkehelseutvalet behandla saka i møte 5. mai 2020.

Publisert: 06.05.2020 13:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56