L K Hjelle verdsett til 23 millionar
FLEIRE AKSJONÆRAR: L.K. Hjelle har fått inn fleire lokale og regionale aksjonærar. Målet er å finansierer vekst for møbelbedrifta som mellom anna har Siesta-stolen i kolleksjonen.
Nytt

L.K. Hjelle verdsett til 23 millionar

Tidlegare Ekornesaksjonærar satsar på L.K. Hjelle Møbelfabrikk.

12.12.2018
Nye aksjonærar skyt inn 12,3 millionar kroner og blir eigar av til saman 54 prosent av aksjane i L.K. Hjelle Møbelfabrikk i Sykkylven.
Kapitalutvidinga verdset møbelprodusenten til 23 millionar kroner.
Dag Hjelle , dagleg leiar og største aksjonær før kapitalutviding, eig 38 prosent etter kapitalutvidinga. Broren Bjørn eig åtte prosent, i følgje Hjelle. Resten av selskapet er eigd av dei nye investorane, der det nyskipa selskapet Råna Invest er størst, i følgje ein pressemelding.

Skal vekse

Målet med emisjonen er mellom anna å finansiere auka satsing på marknadsføring og skape større vekst. I samband med kapitalutvidinga er selskapet og på jakt etter ny toppsjef, medan Dag Hjelle skal arbeid med sal og produktutvikling.

Ekornesaksjonærar

Råna Invest er eit nyskipa selskap for å investere i L.K. Hjelle.
Selskapet har 15 aksjonærar, blant dei tidlegare medeigarar i Ekornes; Torill Anne Ekornes, Gunnhild Ekornes Mertens og Berit Ekornes Unhjem.

Publisert: 12.12.2018 17:33

Sist oppdatert: 09.04.2021 19:42

Mer om