Laks blir ikkje immun mot lakselus
Immunforsvaret til laksen reagerer når den får lus, men ikkje nok til at det hindrar nye luseangrep seinare.
Det har forskarar ved Havforskingsinstituttet funne ut etter å ha sett nærare på kva som skjer når same fisk blir utsett for luseangrep fleire gonger.
– Vi ser tydeleg at immunforsvaret til laksen reagerer når fisken får lus, men det blir ikkje aktivert nok til at det hindrar at same fisk får lus fleire gonger, seier Sussie Dalvin ved Havforskingsinstituttet i ei sak på nettsidene sine.
Må få vitskapleg stadfesta
I prosjektet har forskarane jobba med studiar av grunnleggjande mekanismar i samspelet mellom laks og lakselus. Slik grunnleggjande forsking gir ikkje løysingar på problem som til dømes korleis ein unngår smitte med lakselus, men byggjer opp nødvendig grunnleggjande kunnskap om korleis dei to artane reagerer på kvarandre.
– Ofte stadfestar slik forsking fakta som mange meiner å vite, men dette er kunnskap som vi treng å få vitskapleg stadfesta eller avkrefta slik at vi ikkje dreg med oss følgjefeil inn i andre delar av forskinga, seier Dalvin.
Smitta fleire gongar
Tidlegare er det gjort forsøk som viser korleis laks reagerer når han får lakselus på seg ein gong. I dette forsøket har forskarane sett på kva som skjer når han blir smitta fleire gonger.
– Både i naturen og i oppdrettsanlegg blir laks ofte smitta av lus fleire gonger. Derfor har vi gjennomført fleire rundar med lusesmitte i ulike kombinasjonar på same fisk for å sjå om tidlegare smitte kan ha nokon effekt, seier Dalvin.
Forskarane ser tydeleg at immunsystemet til fisken reagerer:
– Vi ser også at responsen forandrar seg over tid, men altså ikkje nok til at det forhindrar nye infeksjonar med lus, seier ho.
Publisert: 23.11.2022 10:21
Sist oppdatert: 23.11.2022 10:26