(NPK): – No er det nok. Eg orkar ikkje meir. Og eg er ikkje åleine, seier Torbjørn Forseth, villaksforskar i Norsk instituttt for naturforsking (Nina) og leiar for Vitenskapleg råd for lakseforvalting, til .
Ifølgje avisa er det særleg fagsjef Frode Reppe i bransjeorganisasjonen Norske Sjømatbedrifters Landsforening (NSL) som gjennom fleire år har skulda Nina-forskarane for å manipulere forskingsresultat om innslaget av rømd laks i elvane.
Reppe har òg hevda at kraftindustrien sponsar Forseth og andre representantar frå Nina og Miljødirektoratet med gratis laksefiske og jakt.
– Det er grenser for kva forskarar hos oss skal tole, og den tolegrensa er for lengst passert. Dette har no halde på i over fire år, seier Myklebust, som saman med Rogne tok ein oppgjer med delar av oppdrettsnæringa i eit i Dagens Næringsliv onsdag.
Torbjørn Forseth seier angrepa er ei stor personleg belastning.
– Eg blir oppriktig både frustrert og lei meg når det stadig kjem urettmessige skuldingar om korrupsjon og juks frå sentrale aktørar i oppdrettsnæringa. Dette må ta slutt. Derfor har vi sendt materialet vi har samla, til juridisk vurdering for å sjå om dette er noko vi bør gå til retten med, seier Forseth.
– Dette er likt for alle forskingsinstitusjonar som definerer fakta, og dermed det viktigaste avgjerdsgrunnlaget politikarane har. Vi vil avslutningsvis oppfordre både Havforskingsinstituttet og Nina til å delta i ein slik openheitsdebatt på prinsipielt grunnlag, i staden for å true med søksmål mot dei som stiller spørsmål ved verksemda deira, enten det skjer på sosiale medium eller i form av bekymringsmeldingar til eit departement, skriv Reppe i e-posten. (©NPK)
Ifølgje avisa er det særleg fagsjef Frode Reppe i bransjeorganisasjonen Norske Sjømatbedrifters Landsforening (NSL) som gjennom fleire år har skulda Nina-forskarane for å manipulere forskingsresultat om innslaget av rømd laks i elvane.
Reppe har òg hevda at kraftindustrien sponsar Forseth og andre representantar frå Nina og Miljødirektoratet med gratis laksefiske og jakt.
Bekymringsmelding
I februar sende NSL ei bekymringsmelding til Fiskeridepartementet om villaksforskinga som Havforskingsinstituttet har gjort i Guddalselva i Sogn og Fjordane, noko som truleg var det som fekk begeret til å flyte over for direktør Sissel Rogne i Havforskingsinstituttet og Nina-direktør Norunn S. Myklebust.– Det er grenser for kva forskarar hos oss skal tole, og den tolegrensa er for lengst passert. Dette har no halde på i over fire år, seier Myklebust, som saman med Rogne tok ein oppgjer med delar av oppdrettsnæringa i eit i Dagens Næringsliv onsdag.
Torbjørn Forseth seier angrepa er ei stor personleg belastning.
– Eg blir oppriktig både frustrert og lei meg når det stadig kjem urettmessige skuldingar om korrupsjon og juks frå sentrale aktørar i oppdrettsnæringa. Dette må ta slutt. Derfor har vi sendt materialet vi har samla, til juridisk vurdering for å sjå om dette er noko vi bør gå til retten med, seier Forseth.
– Må tole open debatt
I ein e-post til avisa skriv NSL-fagsjef Frode Reppe at det er grunn til bekymring om Nina og Havforskingsinstituttet «ikke liker at det blir stilt spørsmål rundt resultatene av forskning betalt av det offentlige», og peikar på at den sosiale medieverda er utfordrande «uansett hva en holder på med».– Dette er likt for alle forskingsinstitusjonar som definerer fakta, og dermed det viktigaste avgjerdsgrunnlaget politikarane har. Vi vil avslutningsvis oppfordre både Havforskingsinstituttet og Nina til å delta i ein slik openheitsdebatt på prinsipielt grunnlag, i staden for å true med søksmål mot dei som stiller spørsmål ved verksemda deira, enten det skjer på sosiale medium eller i form av bekymringsmeldingar til eit departement, skriv Reppe i e-posten. (©NPK)
No er det nok. Eg orkar ikkje meir
Publisert: 16.03.2016 13:11
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:54