Fisken veks som planlagt
Salmon Evolution set ut meir smolt i anlegget i andre kvartal.
26. mars i år sette Salmon Evolution ut sin første smolt i det landbaserte oppdrettsanlegget i Indre Harøy i Romsdal. Fram til 21. mai har den vakse frå gjennomsnittleg 300 gram til 725 gram.
Neste utsett blir no i 2. andre kvartal.
I 4.kvartal i år skal laksen frå første utsett ha nådd slaktevekt og Salmon Evolution skal levere sin første laks ut i marknaden.
Det skriv selskapet i ei børsmelding.
Sjå resultatpresentasjonen direkte frå klokka 08:00 og i opptak her
Fisketankane klare
Alle dei 12 fisketankane i første byggetrinn er ferdig bygd og mesteparten av bygg og infrastruktur er ferdig, i følgje børsmeldinga.
I full drift skal første byggetrinn drette opp 7900 tonn laks i året. Når andre byggetrinn er klart skal Salmon Evolution kunne produsere 15.800 tonn laks årleg.
Høge prisar
Prisutviklinga på laks gjer selskapet optimistisk.
Gjennomsnittsprisen i sportmarknaden på laksebørsen Fish Pool var 80 kroner kiloen i første kvartal i år mot 54,30 kroner kiloen i same kvartal i fjor.
Det er eit stort vekstpotensiale for landbasert lakseoppdrett i det komande ti-året, ifølgje børsmeldinga.
Salmon Evolution ASA | ||
1. kvartal. I mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 6,8 | 0 |
Driftsresultat | -11,0 | -6,6 |
Resultat før skatt | 1,6 | -5,2 |
Publisert: 24.05.2022 07:36
Sist oppdatert: 24.05.2022 14:58