Lakseopptur for Lyngvaer
GOD START: Hittil i år har Fishtech Hygena og Bjørn Idar Lyngvær nådd same driftsinntekter som i heile 2016.
Nytt

Lakseopptur for Lyngvær

Travle tider for lakseslakteri og -foredlingsbedrifter gir Bjørn Idar Lyngvær full ordrebok.

12.04.2017
Så langt i år har Fishtech Hygena i Hundeidvika nådd nesten like stort sal som i heile 2016. Det er etterspørselen frå lakseslakteri og lakseforedlingsbedrifter som er den viktigaste grunnen til veksten, seier Bjørn Idar Lyngvær.
Selskapet tilpassar og montere veggkledningar i glasfiber til næringsmiddelsindustri, og har tre tilsette. I tillegg kjem innleigde folk for å ta toppane, og inntil vidare vil Lyngvær arbeide vidare etter den modellen, i all fall ut året.

Kjøpte konkursbu

Etter konkursen i Fishtech i 2014 kjøpte Lyngvær attende konkursbuet og vidareførte satsinga på innreiing av næringsmiddelindustri og andre lokale der det blir tilbreidd mat.. Selskapet held til i Hundeidvika, bygget som Fishtech held til i.

Fishtech hadde tre avdelingar, ei som dreiv monteringa av utstyr på fiskebåtar, ei som dreiv med innreiing av næringsmiddelindustri-bygg og ei som dreiv med sandblåsing og overflatebehandling.
Under Dagmar-orkanen i 2011 gjekk den russiske trålaren "Krasnoselsk" ned ved kai hos Fishtech i Hundeidvik. Vraket sperra for bruk av selskapet si kai i tre år, og det var ein viktig grunn til dei økonomiske vanskane, meiner Lyngvær. (Vraket ligg der framleis, red. merk).

Publisert: 12.04.2017 06:00

Sist oppdatert: 26.04.2021 08:39

Mer om