Nytt
Landbruksgründer jobbar med England-lansering
Agrilogg frå Vanylven ser utanfor Norges grenser og satsar på den første lanseringa i utlandet neste år.
Marius Rosbach
24.10.2019
Dagleg leiar og medeigar i Agrilogg, Jan Øystein Aksnes, fortalde om arbeidet til gründerselskapet frå Rovde under Farm-konferansen på Giske torsdag.
Selskapet har laga ein plattform for rapportering og loggføringssystem for bønder. Målet er å forenkle kvardagen til bøndene slik at dei får betre oversikt over eiga gardsdrift.
– Vi skal til England og teste den saman med bønder der borte. Dei skal sjå på kva som må endrast slik at det passar med systemet og reglane dei har, fortel Aknes til NETT NO og avslørar at målet er å lansere Agrilogg i England neste år.
Han påpeiker at det i Norge er kring 40.000 landbrukseigedomar, medan det er kring 200.000 i England. Gründerane jobbar også mot marknaden i Canada.
– Det er klart at vi ser føre oss ein marknad i andre land også, seier han.
I dag har dei 3000 brukarar i Norge og dei har også fleire enn 100 rådgjverarar kopla til portalen.
Ideen kom då Aksnes kom til at han årleg må sende inn svar til styresmaktene på rundt 2000 spørsmål om gardsdrifta.
– Vi vil forenkle kvardagen til bøndene. Det er bonden som er i fokus og bonden sine behov som skal styre arbeidet, sa han til deltakarane på konferansen i Øygardshallen.
Aksnes driv Agrilogg saman med kompanjongen Bjørn Tore Aksnes, som sit med it-kompetansen. Tidlegare i år kom selskapet til semifinalen i nyskapingskonkurransen Næringsteft.
Selskapet har laga ein plattform for rapportering og loggføringssystem for bønder. Målet er å forenkle kvardagen til bøndene slik at dei får betre oversikt over eiga gardsdrift.
Meir om Farm-konferansen:
Har laga engelsk versjon
I samarbeid med Innovasjon Norge har dei no utvikla ein engelskspråkleg versjon som er ferdig i løpet av kort tid. I første omgang kan den vere nyttig for bønder som har utanlandsk arbeidskraft på garden, men målet er å vidareutvikle versjonen slik at Agrilogg kan lanserast internasjonalt.– Vi skal til England og teste den saman med bønder der borte. Dei skal sjå på kva som må endrast slik at det passar med systemet og reglane dei har, fortel Aknes til NETT NO og avslørar at målet er å lansere Agrilogg i England neste år.
Han påpeiker at det i Norge er kring 40.000 landbrukseigedomar, medan det er kring 200.000 i England. Gründerane jobbar også mot marknaden i Canada.
– Det er klart at vi ser føre oss ein marknad i andre land også, seier han.
3000 brukarar i dag
Agrilogg er ein abonnentsteneste som ein kan nytte som via mobiltelefon, nettbrett eller datamaskin. I anonymisert form gir innsamla data også grunnlag for analyser av fleire gardsbruk.I dag har dei 3000 brukarar i Norge og dei har også fleire enn 100 rådgjverarar kopla til portalen.
Ideen kom då Aksnes kom til at han årleg må sende inn svar til styresmaktene på rundt 2000 spørsmål om gardsdrifta.
– Vi vil forenkle kvardagen til bøndene. Det er bonden som er i fokus og bonden sine behov som skal styre arbeidet, sa han til deltakarane på konferansen i Øygardshallen.
Aksnes driv Agrilogg saman med kompanjongen Bjørn Tore Aksnes, som sit med it-kompetansen. Tidlegare i år kom selskapet til semifinalen i nyskapingskonkurransen Næringsteft.
Les meir:
Publisert: 24.10.2019 13:50
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:42