Landet Ecuador-avtale etter fem år
MMC First Process landa avtale dei måtte jobbe sjeldan lenge for. No merkar dei auka pågang fleire stader i verda.
MMC First Process sikra seg nyleg ein avtale som dei har jobba lengre enn vanleg for å sikre seg.
Prosessen blei innleia for kring fem år sidan, og først no nyleg blei avtalen skriven under.
– Vi meiner resultatet kjem fordi vi har vore til stades hos kunden over lengre tid. Det gjeld å henge på, sjølv om dei er på den andre sida av kloden, fortel salssjef Stig Morten Skaar til NETT NO.
Førespurnadene har skote fart
Etter at koronapandemien har lagt avgrensingar på reising, er det no også meir fart i denne delen av verksemda.
For tida har MMC First Process åtte tilsette i Chile, som jobbar med å starte opp eit pelagisk landanlegg.
– Det er generelt god aktivitet og spennande prosjekt verda over. Investeringsviljen er aukande hos dei som no ser betring i pandemisituasjonen, og førespurnadene har skote fart, fortel Skaar.
MMC First Process ligg an til å levere ny rekordomsetning når året er omme. Administrerande direktør Petter Leon Fauske avslørte allereie på seinsommaren at dei vil nå inntektene på meir enn éin milliard.
Fabrikk for pelagisk fisk
Kunden i Ecuador heiter Procesadora Posorja Proposorja, og kjøpte allereie i 2015 ein fabrikk for pelagisk fisk. Det er i hovudsak makrell og hestemakrell som levert ved byen Guyagil.
No vil dei utvide fabrikken for å få større fleksibilitet og auke kapasiteten. MMC First Process skal leverere lagringstankar, pumpesystem, pakkelinje og endra distribusjonssystem til fabrikken. Oppstarten for leveransen blir truleg i mai-juni neste år.
– Fiskeriet i Sør-Amerika har blitt stadig betre, og kunden har hatt moglegheit til å investere i takt med den utviklinga. Det gjeld mellom anna å utnytte korte og hektiske sesongfiske best mogleg, fortel Skaar.
Han fortel at fordi denne kunden tok det første steget til å investere i moderne prosesseringsteknologi, så bana det veg for fleire større prosjekt i Sør-Amerika.
Publisert: 08.11.2021 15:55
Sist oppdatert: 08.11.2021 22:56