Forsikringselskapet Møretrygd har i fleire år hatt eit mål om kraftig vekst. For å klare det må selskapet først og fremst blir større på land. I fjor passerte selskapet ein ny milepel.
Inntektene frå forsikringar av hus, maskiner og andre objekt på land som er forsikra i Møretrygd passerte for første gang halvparten av inntektene til selskapet.
Han seier inntektene frå landsida har auka frå åtte til over åtti på 9-10 år. Målet er å auke veksttakta ytterlegare og få ein inntektsvekst på ti millionar kroner i året frå 2019 og framover. Selskapet skal auke dei samla inntektene sine med rundt 50 prosent i løpet av fire-fem år og det går slik Bakke vil.
Bakke seier selskapet også har greidd å bli større på sjøsida, takka vere vekst i marknaden for arbeids- og brønnbåtar til oppdrettsnæringa.
Inntektene frå forsikringar av hus, maskiner og andre objekt på land som er forsikra i Møretrygd passerte for første gang halvparten av inntektene til selskapet.
Vi ha meir vekst
-Fjoråret var ganske greit. Vi er eit selskap i vekst, og det kostar å vekse, seier administrerande direktør Bjørn Harald Bakke i Møretrygd. (sjå tabell for resultat)Han seier inntektene frå landsida har auka frå åtte til over åtti på 9-10 år. Målet er å auke veksttakta ytterlegare og få ein inntektsvekst på ti millionar kroner i året frå 2019 og framover. Selskapet skal auke dei samla inntektene sine med rundt 50 prosent i løpet av fire-fem år og det går slik Bakke vil.
Stor på fiskeflåten
Før Møretrygd bestemte seg for å bli mykje større var det forsikringar av fiskeflåten som var hovudmarknaden. Der har imidlertid selskapet ein så sterk posisjon at det ikkje er rom for å bli så mykje større. Det er grunnen til satsinga på landsida.Bakke seier selskapet også har greidd å bli større på sjøsida, takka vere vekst i marknaden for arbeids- og brønnbåtar til oppdrettsnæringa.
Publisert: 20.04.2018 16:17
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:21