Studenter ntnu immatrikulering foto marius 11
POPULÆRT: 1100 nye studentar får sitt første møte med NTNU Ålesund under immatrikuleringa 11. august. Biletet er frå immartrikuleringa 2024. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Lange ventelister for studieplass

Rekordsøking til NTNU Ålesund. Over 100 på venteliste for dei mest populære studia .

25.07.2025

Mandag 11. august skal 1100 studente møte NTNU Ålesund for første gang. Det kunne vore mange fleire, for det er rift om studieplassane.

Ved hovudopptaket til NTNU Ålesund i vår  det fleire studier med rundt hundre eller fleire på venteliste. Dette er studie med dei lengste ventelisten: Shipping management (551), Økonomi, administrasjon og internasjonal business (437), Medisin (408), Sjukepleie (168), Nautikk (158), Marknadssføring (99) og Biomarin innovasjon (95), fortel NTNU Ålesund i ei pressemelding.

- Vi gler oss til å ta imot dei nye studentane til campus. At så mange godt kvalifiserte søkarar ønsker å tilbringe studieåra sine i studentbyen Ålesund, viser at vi har byggd eitattraktivt tilbud i ein attraktiv region, seier viserektor Anne-Lise Sagen Major i ei pressemelding. 

Ein betre studentby
– Eg trur nok at Ålesund som studentby er i ferd med å ta av.   

Det sa Michael Brautaset i Nett NO-magasinet 2025. Han var leiar for Ålesund Studentsamfunn frå hausten 2012 til sommeren 2015, og er framleis engasjert i korleis studentmiløre i byen utviklar seg. 

Han er overbevist om at studentmiljøet har utvikla seg slik at det bidreg til rekruttering til regionen.  

– Mange seier dei blir verende i Ålesund fordi studentmiljøet er så bra her, sa Brautaset.  

Høge krav
Mange søkarar betyr også høge karakterkrav.

På medisinstudiet, som vart lansert i 2022, er poengkravet høgast, med 58,2 poeng for søkjarar som kjem rett frå vidaregåande skule og 66,9 poeng for eldre søkjarar. På neste plass kjem studiet i shipping management, med poengkrav på høvesvis 48,5 og 52,5 poeng. 

Konkurransen om å få studieplass i Ålesund har aldri vore tøffare enn til hausten viste oversikta over talet på søkjarar, som kom i vår.

Aller trongast var  døra inn til studia shipping management og nautikk (som utdanner skipsførarar). 431 studenter hadde shipping management i Ålesund som sitt førsteval. 182 hadde nautikk som førsteval. I høve til antall studieplasser, utgjør det seks søkare for kvar studieplass.

Samla sett var det 2,8 søkarar til kvar studieplass i Ålesund.

Publisert: 25.07.2025 11:00

Sist oppdatert: 25.07.2025 11:35