Langlo sjefen blir stor aksjonaer i selskapet
AKSJONÆRAR: Adminstrerande direktør Pål Ringstad (t.v.) og sal- og marknadsdirektør Bjørn Utgård er begge med på kapitalutvidinga i garderobeinnreiingsprodusenten Langlo på Stranda.
Nytt

Langlo-sjefen blir stor aksjonær i selskapet

Garderobeinnredningsprodusenten på Stranda er verdsett til 13 millionar kroner i ei kapitalutviding - der Norsk Sjømat vart medeigar. 

23.09.2020
Med kapitalutvidinga vart Langlo-sjef Pål Langlo stor aksjonær og Norsk Sjømat Holding medeigar.
Det var ei ekstraordinær generalforsamling i Langlo i november 2019 som vedtok å hente inn seks millionar kroner i ny eigenkapital til selskapet. Kapitalutvidinga vart gjennomført i januar i år.
Minus i fjorLanglo gjekk i minus for fjerde år på rad i fjor (sjå tabell - på mobil finn du den nederst på sida).
Kapitalutvidinga er gjennomført for å styrke eigenkapitalen, driftskapitalen - og for å kunne få ein lån på seks millionar kroner frå Innovasjon Norge, går det fram av protokollen frå den ekstraordinære generalforsamlinga.
Før kapitalutvidinga eigde Langlo Invest 89,3 prosent av Langlo. Langlo Invest er eigd av medlemer av Langlo-familien.

Leiargruppa med

Kapitalutviding var retta mot eitt selskap, Svefossen as. Svefossen har fem aksjonærar (eigarandel i Svefossen i parantes); Dynavector as (42,5 prosent), Norsk Sjømat Holding as (42,5 prosent), Bjørn Utgård (8,33 prosent), Per Tore Fausa (3,33 prosent) og Geir Koppang 3,33 prosent).
Utgård, Fausa og Koppang er alle i leiargruppa i Langlo. Administrerande direktør Pål Ringstad i Langlo er med på kapitalutvidinga gjennom selskapet Dynavector, som han eig 50/50 saman med Ellen Gro Ringstad. Ringstad hadde og ein mindre aksjepost frå før.
"Begrunnelsen for at Svefossen as gis rett til å tegne seg for de nye aksjene er et ønske om at daglig leder Pål Ringstad og hans lederteam gjennom selskapet Svefossen as er med i kapitalforhøyelsen som et ledd i et bredere eiermessig grunnlag for selskapets videre satsing.", heiter det i protokollen frå den ekstraordinære generalforsamlinga.
Norsk Sjømat Holding er konsernselskapet i sjømatkonsernet Norsk Sjømat, som har hovudkontor og eitt av vidareforedlingsanlegga sine på Stranda. Norsk Sjømat Holding er eigd av Per Magne Grøndahl og Bjarte Tunold.

63 årsverk

Langlo sitt hovudprodukt er skyvedørsgarderober, som blir selde gjennom byggvarehus over heile landet. Selskapet sysselsette 63 årsverk i fjor.
Dei siste 10 åra har driftsinntektene til selskapet svinga mellom 102 og 114 millionar kroner. I seks av desse åra har selskapet hatt eit underskot før skatt, med dei fire siste åra som dei tyngste og 2018 som det aller tyngste.
I 2019 steig driftsinntektene frå 102 til 108 millionar kroner. Resultatet betra seg, men enda likevel med minus både for driftsresultat og resultat før skatt (sjå tabell - på mobilen finn du tabellen nederst på sida).

Hard konkurranse

Marknaden er prega av tøff konkurranse, sa dagleg leiar Pål Ringstad til NETT NO i 2018.

Salet i år har vore lite prega av koronaepidemien, og konkurs hos ein konkurrent har auka etterspørselen, ifølgje årsrapporten for 2019.
Etter kapitalutvidinga ser aksjonærlista slik ut:
Langlo Invest as 48 prosentSvefossen as 46,22 prosentPål Ringstad 1,87 prosentAsbjørn Langlo 1,96 prosentEldbjørg Ekornes 1,96 prosent

Publisert: 23.09.2020 09:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03