SpareBank 1 Søre Sunnmøre la fredag fram tala for 2. kvartal som viser eit konsernresultat før skatt på 77 millionar kroner i første halvår.
Det er ein nedgang frå 124,9 millionar i fjor – men administrerande direktør Stig Brautaset påpeika at 2019-tala var prega av ekstraordinære inntekter, og slik sett ikkje direkte samanliknbare.
- Resultatet er langt betre enn frykta etter første kvartal, sa Brautaset under presentasjonen ved hovudkontoret i Volda.
Banken har ikkje hatt auka tap som følgje av koronakrisa, og fortel at dei er godt rusta til å takle utfordringar i marknaden.
- Vi frykta at det kom ei konkursbølgje, men det har vi ikkje fått, påpeika Brautaset.
- Det kom hellet ikkje. Næringslivet har vore flinke til å ta ned kostnadane sine og passa på likviditeten sin. Dei har nok utsett ein del investeringar, fortel ho.
Ho er likevel ikkje i tvil om at situasjonen er reelt betre enn banken venta seg eter at koronakrisa starta å gjere seg gjeldande for alvor i vår.
- Næringslivet på våre kantar også meir erfaring med å omstille seg. Vi lev i ein region der valutasvingingar, oljepris og tilgang til marknader til dømes på fisk, betyr mykje, legg Brautaset til.
Brautaset påpeiker at banken heller ikkje har opplevd auka i misleghald av lån og overtrekk. Samtidig påpeiker han at det framleis er stor usikkerheit om korleis koronapandemien vil påverke næringslivet på lengre sikt.
Betringa kjem hovudsakleg av auka avkastning på finansielle eignelutar, reduserte kostnadar og lågare tap, ifølgje .
Netto renteinntekter er redusert med 2 millionar, tilsvarande ein nedgang på 5,5 prosent mot same periode i fjor, som følgje av lågare utlånsrenter og lågare innskotsmargin.
I løpet av det siste året har banken hatt ein utlånsvekst på 5,6 prosent - som er over marknadsveksten.
Banken har 404 eigenkapitalbeviseigarar.
Største eigarar er Sparebanken 1 SMN og Sparebanken Møre, kvar med 4,81 prosent.
Fem aktørar eig kvar 3,71 prosent. Det er Vartdal Holding, Havila Holding, H. I. Giørtz & Sønner, Grøvik Verk og Marin Group.
Det er ein nedgang frå 124,9 millionar i fjor – men administrerande direktør Stig Brautaset påpeika at 2019-tala var prega av ekstraordinære inntekter, og slik sett ikkje direkte samanliknbare.
Ikkje auka tap frå korona
Alt i alt kunne banksjefen fortelje om ein situasjon både for næringslivet og privatkundane, som er betre enn frykta.- Resultatet er langt betre enn frykta etter første kvartal, sa Brautaset under presentasjonen ved hovudkontoret i Volda.
Banken har ikkje hatt auka tap som følgje av koronakrisa, og fortel at dei er godt rusta til å takle utfordringar i marknaden.
- Vi frykta at det kom ei konkursbølgje, men det har vi ikkje fått, påpeika Brautaset.
- Har vore flinke
Banksjef Sigrun Heltne Vartdal for bedriftsmarknaden fortel at ho er imponert over korleis lokalt næringsliv har møtt krisa. Då tida nærma seg for at bedriftene skulle betale ut feriepengar på forsommaren, budde banken seg på å ta i mot førespurnader frå kundar som fekk problem med å handtere forpliktingane sine.- Det kom hellet ikkje. Næringslivet har vore flinke til å ta ned kostnadane sine og passa på likviditeten sin. Dei har nok utsett ein del investeringar, fortel ho.
Mange er vande med omstilling
Vartdal legg til at det blir spannande å sjå om omsetninga for ein del bransjar blir lågare også framover. Då trur ho fleire vil slite.Ho er likevel ikkje i tvil om at situasjonen er reelt betre enn banken venta seg eter at koronakrisa starta å gjere seg gjeldande for alvor i vår.
- Næringslivet på våre kantar også meir erfaring med å omstille seg. Vi lev i ein region der valutasvingingar, oljepris og tilgang til marknader til dømes på fisk, betyr mykje, legg Brautaset til.
Brautaset påpeiker at banken heller ikkje har opplevd auka i misleghald av lån og overtrekk. Samtidig påpeiker han at det framleis er stor usikkerheit om korleis koronapandemien vil påverke næringslivet på lengre sikt.
Betre resultat enn i fjor
Resultata til banken er betre i år, enn på same tid i fjor. Banken leverte eit konsernresultat før tap i kvartalet på 39,3 millionar mot 30,6 millionar i same periode i 2019.Betringa kjem hovudsakleg av auka avkastning på finansielle eignelutar, reduserte kostnadar og lågare tap, ifølgje .
Netto renteinntekter er redusert med 2 millionar, tilsvarande ein nedgang på 5,5 prosent mot same periode i fjor, som følgje av lågare utlånsrenter og lågare innskotsmargin.
I løpet av det siste året har banken hatt ein utlånsvekst på 5,6 prosent - som er over marknadsveksten.
Banken har 404 eigenkapitalbeviseigarar.
Største eigarar er Sparebanken 1 SMN og Sparebanken Møre, kvar med 4,81 prosent.
Fem aktørar eig kvar 3,71 prosent. Det er Vartdal Holding, Havila Holding, H. I. Giørtz & Sønner, Grøvik Verk og Marin Group.
Publisert: 14.08.2020 12:02
Sist oppdatert: 31.05.2021 08:06