Langt faerre konkursar paa Nordvestlandet
Nytt

Langt færre konkursar på Nordvestlandet

Domstolane reknar med stor konkursauke som følgje av koronautbrotet, men ikkje enno.

Marius Rosbach
02.06.2020
(NPK-NTB-NETT.NO): Etter at dei omfattande tiltaka mot koronapandemien blei sett i verk i midten av mars, har det vore langt færre konkursar på Nordvestlandet, samanlikna med i fjor.
Frå midten av mars til starten av juni har det vore 14 konkursar på Sunnmøre og i Nordfjord. Same periode i fjor var det 26 konkursar. 20 av dei var i Ålesund-firma.
I heile Møre og Romsdal var det opna i i år, mot 49 konkursar same periode i fjor.

Flest innan servering

Av dei 14 konkursane på Sunnmøre og i Nordfjord, er 6 knytt til serveringsverksemd.
Tre av desse skjedde i Ålesund ved , og . I tillegg kjem dei to selskapa a, samt Herøy-selskapet .
Tre av konkursane er knytt til , som
NETT NO har tidlegare omtala korleis styresmaktene har i firma dei siste månadene.

Les også:


Ber om meir midlar

Domstolane i landet reknar med at koronautbrotet vil medføre fleire tusen konkursar som må behandlast.
I eit brev til Stortinget åtvarar Domstoladministrasjonens direktør Sven Marius Urke om at det kan ventast ein solid auke i talet på konkursar i tida som kjem som følgje av koronaviruset. Han ber om ekstraordinære middel til å handtere sakene, skriv Dagbladet.
– Basert på tal frå finanskrisa i 2008 har Domstoladministrasjonen berekna at det vil komme 6.000 fleire konkurssaker til domstolane som følgje av dei negative effektane av koronaviruset på norsk økonomi, skriv Urke og avdelingsdirektør Jann Ola Berger i brevet.

Trur på auka til hausten

Dei reknar med at aukane i talet på saker vil byrje å komme seint på hausten i år og halde vidare fram til neste år. Dei ber om ei tilleggsløyving på 181 millionar kroner for å handtere alle dei nye sakene og til å rydde opp i etterslepet av saker på grunn av virusutbrotet.
I brevet blir det også åtvara mot at talet på arbeidsrettssaker kan komme til å auke veldig det neste året.

Les også:


Senterleder:


Basert på tal frå finanskrisa i 2008 har Domstoladministrasjonen berekna at det vil komme 6.000 fleire konkurssaker til domstolane som følgje av dei negative effektane av koronaviruset på norsk økonomi

Publisert: 02.06.2020 12:36

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57