Nytt
Langt over forventing i cruise-debuten
Nesten alle turistane på dei to første cruiseskipa som vitja Nordfjordeid gjekk i land. Det betyr meir pengar i kassa.
05.06.2019
På førehand hadde handelsstanden på Nordfjordeid budd seg på at ein fjerdepart av cruiseturistane som kjem til bygda ville gå i land.
Dei forventningane blei gjort grundig til skamme under "Aida Perla" sitt besøk 21. mai. 3800 passasjerare var med skipet og alle var på land, enten for å dra på førehandstinga turar - frå Vestkapp i Vest til Geiranger og Loen/Briksdalsbreen i aust - eller berre for å rusle rundt i Eid sentrum.
Dagen etter kom det mindre cruisesskipet "Zenith", med 1250 passasjerar ombord. Nesten alle gjekk i land og 1000 av dei hadde tinga ein tur på land før skipet kom fram.
- Det gikk kjempegodt, seier Kjersti Brovold i Didriks Kafe & Gaver i handelgata i Eid om dei første cruiseanløpa til Eid. I dag kjem det tredje anløpet, og Brovold er travelt opptatt med å bu seg på innrykk av turistar.
- Det er gode dagar, seier ho om det økonomiske resultatet.
Klarer Nordfjordeid å lokke like mange på land i resten av sesongen som bygda greidde ved dei to første cruiseskipsbesøka så er inntektspotensialet mellom tre- og fire gangar større.
- Så langt har vi berre positive erfaringar, seier Ingvill Henden.
Ho eig og driv klesbutikken Vestitur på Nordfjordeid, er leiar for Eid Handel (foreininga for handelsbedriftene i kommunen) og sit også i prosjektgruppa som har planlagt korleis Eid skal ta i mot og få nytte av cruisetrafikken.
Dei forventningane blei gjort grundig til skamme under "Aida Perla" sitt besøk 21. mai. 3800 passasjerare var med skipet og alle var på land, enten for å dra på førehandstinga turar - frå Vestkapp i Vest til Geiranger og Loen/Briksdalsbreen i aust - eller berre for å rusle rundt i Eid sentrum.
Dagen etter kom det mindre cruisesskipet "Zenith", med 1250 passasjerar ombord. Nesten alle gjekk i land og 1000 av dei hadde tinga ein tur på land før skipet kom fram.
- Det gikk kjempegodt, seier Kjersti Brovold i Didriks Kafe & Gaver i handelgata i Eid om dei første cruiseanløpa til Eid. I dag kjem det tredje anløpet, og Brovold er travelt opptatt med å bu seg på innrykk av turistar.
- Det er gode dagar, seier ho om det økonomiske resultatet.
Pengar i kassa
860 kroner er anslaget for kor mykje ein cruiseturist legg att på land. I alt 58.000 passasjerar er venta til Nordfjordeid i den første cruisesesongen for kommunen. Om ein fjerdepart av desse går i land utgjer det ei inntekt på 12 millionar kroner til butikkar, restaurantar, busseselskap, museum og andre som tilbyr service og opplevingar til turistane.Klarer Nordfjordeid å lokke like mange på land i resten av sesongen som bygda greidde ved dei to første cruiseskipsbesøka så er inntektspotensialet mellom tre- og fire gangar større.
58 prosent opp
Dagen då "Aida Perla" låg ved kai registrerte kjøpesentertet Amfi Nordfjord 6325 besøkande. Tilsvarande dag i fjor, som også var ein godt besøkt dag, var det 4008 registrerte besøkande i følgje senterleiar Gro Gjerdevik.- Så langt har vi berre positive erfaringar, seier Ingvill Henden.
Ho eig og driv klesbutikken Vestitur på Nordfjordeid, er leiar for Eid Handel (foreininga for handelsbedriftene i kommunen) og sit også i prosjektgruppa som har planlagt korleis Eid skal ta i mot og få nytte av cruisetrafikken.
Det er gode dagar
Publisert: 05.06.2019 08:51
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35