Langvarig koronanedtur
SALSGEVINST: Ein salsgevinst frå den 2011-bygde linebåten Frøyanes vil trekkje Ervik Havfiske Holding-resultatet opp i år, medan konsekvensen av koronaepidemien trekkjer motsett veg fortel konsernsjef Stig Ervik (biletet).
Nytt

Langvarig koronanedtur

- Det vert eit vanskeleg år på drifta, seier konsernsjef Stig Ervik i Ervik Havfiske om 2020.

20.07.2020
Det er spesielt i sør, der Ervik Havfiske mellom anna driv fiske etter patagonsk tannfisk, at koronaepidemien har råka - og framleis råkar - reiarlaget spesielt hardt.
Epidemien, og tiltaka mot den, går ut over både marknad og drift.
Ervik driv ein flåte på 15 linefiskebåtar, 12 av dei heilt eller deleigde. Seks av skipa fiskar på den sørlege halvkule, ni i og ved norske farvatn. To nye båtar vart sett i fiske ved årsskiftet, og ytterlegare ein båt er under bygging hos Tersan Shipyard i Tyrkia. Den skal leverast neste år og erstatte ein av dei eldre linebåtane i sør.

Prisfall

Driftsinntektene til Ervik-konsernet fall frå 813 millionar kroner i 2018 til 717 millionar kroner i 2019 (Sjå tabell. På mobil finn du tabellen nederst på sida).
Prisfall på patagonsk tannfisk og valutasvingingar som slo feil veg er hovudårsakene til inntektesnedgangen i 2019, i følgje Ervik. Resultatet før skatt fall ikkje tilsvarande. I tillegg hadde konsernet ein større salsgevinst på farty i 2018 enn i 2019.
I år kjem salet av den 2011-bygde linebåten Frøyanes til å bidra positivt til resultatet, ifølgje Ervik. Då salet til eit russisk reiarlag var i boks i vinter sa Ervik til Fjordenes Tidende at dei har fått meir enn det det kosta å bygge båten. Då båten var ny i november 2011 kosta den rundt 170 millionar kroner.

Generasjonskifte

Saman med tremenningen Kjell Magne Ervik har Stig Ervik bygd Ervik Havfiske opp til det største linefiske-reiaralaget i Noreg.
Konsernet har hovudkontor ved Leikanger på Stadlandet, og er medeigar i både mekanisk industri, handel- og hotellselkskap i heimbygda.
Dei siste åra har Stig og Kjell Magne også arbeidd med ei omorganisering av verksemda, for å lette eit komande generasjonsskifte. I fjor blei alt samla under Ervik Havfiske Holding. I år har dei to fått på plass kvart sitt investeringsselskap, ST Ervik Invest og KME Invest, som eig konsernet 50/50. Planen er å ta etterkomarane inn på eigarsida gjennom dei to investeringsselskapa.

Publisert: 20.07.2020 11:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00