An ULSTEIN U STERN foundation installation vessel media 1
OVER TO ÅR: I over to år har Ulstein Group arbeidd med det nye designet. Illustrasjon: Ulstein Group
Nytt

Lanserer nytt skipsdesign

Skal montere vindkrafttårn.

24.04.2023

Ulstein Group sitt nederlandske designselskap, Ulstein Design & Solutions BV, har patentert eit nytt skipsdesign - U-Stern - som skal gjere det lettare å sette opp tårn for vindkraftturbinar.

Det nye designet kombinerer Ulstein Group sitt baugdesign, XBow, på eit skip som er utstyrt for å sette ut pålane til tårnet bak skipet i staden for ved sida.

"Med U-STERN kan ein lagre monopålar på langs av dekket og bikke dei opp og utplassere dei frå senterlinja av skipet. Då kan skipet styrast rett mot bølgjene medan installasjonsprosessen pågår, noko som minimerer skipsrørslene og drivstofforbruket, medan U-STERN skjermar mot bølgjene. Det gir eit betre arbeidsmiljø om bord og på dekk. Når ein kombinerer U-STERN med tverrgåande og langsgåande skinnesystem unngår ein behovet for offshoreløft av monopålar til havs, sidan hovudkrana berre blir brukt til å støtte opp, bikke og senke ned fundamentet.", skriv Ulstein Group i ei pressemelding.

Ulstein Group har arbeidd i over to år for å utvikle det nye designet. Designet skal redusere rørslene i skipet med 24 prosent samanlikna med skip som set ut tårn på sida av skipet og halvere kraftbehovet under operasjonen med å sette ut tårnet.

Fartøyet kan også brukast til å sette ut såkalla jackets, fundamentet pålane står på.

Publisert: 24.04.2023 09:23

Sist oppdatert: 24.04.2023 10:51