Lanserer todelt distriktspolitikk
TODELT DISTRIKTSPOLITIKK: Distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (kvit kåpe, midt i biletet) på besøk hos Vard Langsten i kystkommunen Vestnes i mai i år. Ho og resten av regjeringa meiner Vestnes og andre kystkommunar treng andre distrikspolitiske tiltak enn kommunar i innlandet.
Nytt

Lanserer todelt distriktspolitikk

Regjeringa meiner innland- og kystkommunar treng ulik distriktspoltikk. 

24.11.2020
NPK: Gjennom to nye strategiar vil regjeringa utvikle ein meir tilpassa og spissa politikk for næringslivet ved kysten og i innlandet. Opposisjonen er skeptisk til ei todeling.
Veksten i verdiskapinga i dei minste, sentrale kommunane er høgare enn i resten av landet. Dette vil regjeringa byggje vidare på når ho no vil spisse den næringspolitiske distriktspolitikken, og tilpasse han til regionale forhold. Denne veka starta handsaminga av distriktsmeldinga i Stortinget.

Politikk for kyst og fjell

– Moglegheitene og utfordringane er ikkje dei same på Frøya og i Trysil sjølv om begge er ein del av Distrikts-Noreg. Kysten og innlandet har ulike næringskjeder og ulike vegar til vekst og utvikling. Med desse to strategiane vil vi spisse politikken, slik at han i størst mogleg grad legg til rette for eit vekstkraftig næringsliv og arbeidsplassar i heile landet, seier distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland, i ei pressemelding.
Næringslivet langs kysten har tradisjonar innan blant anna havnæringar og energisektoren. I fjell- og innlandet er skogbruk, bioøkonomi og matproduksjon viktige næringar. Reiselivet er avhengig av at naturen vert forvalta på ein berekraftig måte.
– Vi veit at næringslivet i åra som kjem skal igjennom eit grønt skifte. Desse strategiane skal vere eit bidrag til at Noreg lykkast med grøn omstilling, slik at vi kan skape fleire grøne arbeidsplassar i hav, skog og fjellnæringane, seier Helleland.

Opposisjonen reagerer

Stein Erik Lauvås, kommunalpolitisk talsperson i Arbeidarpartiet, forstår ikkje meininga med å lage ein næringspolitikk for kysten og ein for innlandet.
– Snart skal vi starte behandlinga av distriktsmeldinga i Stortinget. Det er ingen forslag i den meldinga om dette. Det viser berre at regjeringa framleis ikkje forstår Distrikts-Noreg, seier Lauvås til . Han meiner regjeringa har gitt feil medisin til distrikta i sju år.
Parlamentarisk leiar i Senterpartiet, Marit Arnstad, meiner ein bør vere forsiktig med å sette fjell og kyst opp mot kvarandre. Forskjellane frå kyst til fjell meiner ho allereie er definert av den differensierte arbeidsgivaravgifta.
– No må ikkje regjeringa tulle med denne ordninga som er verdt 14 milliardar kroner, seier Arnstad til NRK.

Publisert: 24.11.2020 14:12

Sist oppdatert: 07.04.2021 19:50