- Nordic Wildfish har solid erfaring med trålfiske og utprøving av nye metodar for fiskeri og marknad. Vi har begge tradisjon for å tenke nytt og utfordre det eksisterande, seier Ulstein-direktør Tore Ulstein i ei pressemelding.
Han viser til at Ulstein i samarbeid med Nordic Wildfish har utvikla betre og meir framtidsretta løysingar for kvalitet og berekraft i trålfiske.
- Dette vil gje betydeleg auka berekraft i trålfiske, med betre kvalitet, høgare effektivitet, meir inntening og mindre miljøavtrykk, seier Roaldsnes.
- Vi er ferd med å realisere visjonane og løysningane vi har jobba målretta med under arbeidsnamnet EcoFive (Eco-friendly fishing vessel, red mrk), seier han.
Ulstein skriv i pressemeldinga at dei nye fisketrålarane har framtidsretta skipsløysingar for meir berekraftig framdrift, fangst og prosessering. Ved å overføre kunnskap, erfaring og innovasjonskraft frå offshore til fiskeri ønskjer ein å bidra til å utvikle nye løysingar. Målet er blant anna meir skånsam handtering av fisken og introduksjon av miljøsparande skipsløysingar.
Trålarserien vil famne både kyst og hav. Med X-BOW endrast den tradisjonelle utforminga av arrangementet på trålfartøy og opnar ifølgje Ulstein for betre plassering av mannskap, fabrikk og last.
Fabrikken vert plassert over to dekk og all lugarkapasitet vert samla sentralt i skipet. På grunn av X-BOW-skroglinja får ein utnytte forskipet meir effektivt.
Ulstein viser til at skip med X-BOW har også mindre vibrasjonar og stamperørsle, dette betrar arbeidsmiljøet om bord og reduserer støy i sjøen.
Skipa i serien har eit hybridanlegg som kan kombinere batteri med dieselelektrisk og dieselmekanisk framdrift.
Han viser til at Ulstein i samarbeid med Nordic Wildfish har utvikla betre og meir framtidsretta løysingar for kvalitet og berekraft i trålfiske.
EcoFive
Nordic Wildfish-direktør Tore Roaldsnes opplyser at Ulstein sin trålarserie vil vere tilrettelagt for å implementere løysningar for skånsam fangst, effektiv prosessering og hydrolysering av ferske restråstoff.- Dette vil gje betydeleg auka berekraft i trålfiske, med betre kvalitet, høgare effektivitet, meir inntening og mindre miljøavtrykk, seier Roaldsnes.
- Vi er ferd med å realisere visjonane og løysningane vi har jobba målretta med under arbeidsnamnet EcoFive (Eco-friendly fishing vessel, red mrk), seier han.
Ulstein skriv i pressemeldinga at dei nye fisketrålarane har framtidsretta skipsløysingar for meir berekraftig framdrift, fangst og prosessering. Ved å overføre kunnskap, erfaring og innovasjonskraft frå offshore til fiskeri ønskjer ein å bidra til å utvikle nye løysingar. Målet er blant anna meir skånsam handtering av fisken og introduksjon av miljøsparande skipsløysingar.
For både kyst og hav
Serien er basert på erfaringar hausta gjennom feltstudiar og avanserte analysar. Dei unike designa, med optimale kapasitetar i forhold til kvotar for effektivt og lønsamt fiskeri, vil gje betydeleg forbetra verktøy for trålfiske, skriv Ulstein.Trålarserien vil famne både kyst og hav. Med X-BOW endrast den tradisjonelle utforminga av arrangementet på trålfartøy og opnar ifølgje Ulstein for betre plassering av mannskap, fabrikk og last.
Fabrikken vert plassert over to dekk og all lugarkapasitet vert samla sentralt i skipet. På grunn av X-BOW-skroglinja får ein utnytte forskipet meir effektivt.
Ulstein viser til at skip med X-BOW har også mindre vibrasjonar og stamperørsle, dette betrar arbeidsmiljøet om bord og reduserer støy i sjøen.
Skipa i serien har eit hybridanlegg som kan kombinere batteri med dieselelektrisk og dieselmekanisk framdrift.
Publisert: 07.10.2020 21:59
Sist oppdatert: 17.02.2022 11:22