Nytt
Larsnes sikra arbeid heile 2021
Larsnes Mek. Verksted skal bygge brønnbåt for chilensk reiarlag.
09.12.2020
I helga fekk verftet skroget til brønnbåten «Ro Sailor» på plass frå skrogverftet i Polen, og tysdag offentleggjer Larsnes ein avtale om å bygge nok ein brønnbåt.
Kontraktane sikrar verftet og dei i overkant av 60 tilsette arbeid ut 2021.
«Ro Sailor» skal leverast til brønnbåtreiarlaget Rostein, som også er stor aksjonær i verftet. «Ro Sailor» er bygg nummer 67 for verftet, medan brønnbåten til Naviera Orca Chile er bygg nummer 68 - og skal leverast i slutten av 2021.
Båten blir den niande i rekka av ein serie båtar utvikla i samarbeid mellom Skipskompetanse i Måløy, Larsnes Mek. Verksted og reiarlaga Rostein og Naviera Orca, i følgje ei pressemelding.
Prisen er ikkje opplyst, men etter det NETT NO har grunn til å tru er prisen på dei to båtane i området 350-400 millionar kroner.
Båten er utstyrt med eit stort batteri for å reduseres drivstoff-forbruket.
Også «Ro Sailor» blei teikna av Skipskompetanse i Måløy, Fartøyet blei levert frå Larsnes Mek. Verksted i april.
Kontraktane sikrar verftet og dei i overkant av 60 tilsette arbeid ut 2021.
«Ro Sailor» skal leverast til brønnbåtreiarlaget Rostein, som også er stor aksjonær i verftet. «Ro Sailor» er bygg nummer 67 for verftet, medan brønnbåten til Naviera Orca Chile er bygg nummer 68 - og skal leverast i slutten av 2021.
Vidareutvikling
Bygg nummer 68 er ein vidareutvikling av «Ro Sailor».Brønnbåten blir 70 meter lang og 15 meter brei, med ein lastekapasitet på 2800 kubikkmeter.Båten blir den niande i rekka av ein serie båtar utvikla i samarbeid mellom Skipskompetanse i Måløy, Larsnes Mek. Verksted og reiarlaga Rostein og Naviera Orca, i følgje ei pressemelding.
Prisen er ikkje opplyst, men etter det NETT NO har grunn til å tru er prisen på dei to båtane i området 350-400 millionar kroner.
Årets skip
Tidlegare i år vart brønnbåten «Ro Sailor» kåra til Årets skip. Ro Vision vart bygd på Larsnes Mek. Verksted og og prisen blei utdelt av fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen.Båten er utstyrt med eit stort batteri for å reduseres drivstoff-forbruket.
Også «Ro Sailor» blei teikna av Skipskompetanse i Måløy, Fartøyet blei levert frå Larsnes Mek. Verksted i april.
Publisert: 09.12.2020 09:13
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:07