Larsnes verft tilbake i pluss
LARSNES: Slik vil nye Larsnes Mek Verksted sjå ut, med dokkhall og nye kaianlegg.
Nytt

Larsnes-verft tilbake i pluss

Etter å ha tapt pengar i 2018, er Larsnes Mek Verksted tilbake i pluss.

14.07.2020
Sande-verftet omsette i 2019 for 512,4 millionar kroner, opp frå 460,0 millionar året før.
Resultatet før skatt enda på 2,2 millionar kroner, medan det var raude tal med 4,0 millionar kroner i i 2018.
Åra før hadde verftet solide plusstal, med 24,3 millionar i 2016 og 18,8 millionar i 2017.

Shetlendar

Etter å ha stor nybyggingsaktivitet i 2018, leverte selskapet to skip i fjor. Det var den 43,15 meter lange kombinerte snuparen/snurrevadaren Nordhavet til reiarlaget Arvesen frå Engenes i Nordland, samt den 75,4 meter lange snurparen Zephyr til Zephyr Fishing Company på Shetland.

Sande-verftet har hatt Rostein som hovedeigar sidan 2014, og brønnbåtselskapet har tilført mykje arbeid.
I mars vart den 84 meter lange hybride brønnbåten Ro Vision overlevert, og seinare i sommar skal Ro Venture overleverast.

Ny Rostein-kontrakt

I tillegg er stålarbeidet med endå ein brønnbåt i gang med det samarbeidande verftet Marine Project i Gdansk.
Den nye brønnbåten blir 79,25 meter lang, 15 meter brei og er designa av Skipskompetanse i Måløy.
Lastevolumet blir på 2.800 kubikkmeter.
Planen er at skroget skal leveres fra Marine Projects i slutten av november i år og levering til reiarlaget skal skje i slutten av mai 2021.

Dokk og dokkhall

Larsnes Mek. Verksted har omfattande planar for oppgradering av verftet.
Blant anna skal det byggjast nye kaier, i tillegg til at det er planlagt bygging av ei ny tørrdokk på 120 x 24 meter, samt bygging av ein hall over dokka. Høgda på hallen vert 31 meter opp til mønekammen frå kainivå.

Selskapet har ein samla eigenkapital på 65,0 millionar kroner, og ei langsiktig gjeld på 11,4 millionar kroner.
I tillegg til Rostein med 68,75 prosent eigarskap, er det 12 lokale aksjonærar der verftsdirektør Jarle Gunnarstein er størst av desse med 5,63 prosent av aksjane.

Publisert: 14.07.2020 14:18

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59