Eemslift hendrika slagside foto kv sortland 11
PÅ VEG MOT GRUNNSTØYTING: 7. april 2021 heldt lasteskipet «Eemslift Hendrika» med blant anna tungolje om bord på å grunnstøyte ved Stadlandet. Ein ny rapport peikar på at det blei gjort avgjerande feil ved lasting og vegval. Foto: KV Sortland
Nytt

Lasta feil og tok feil rute

Rapport peikar på feil frå kapteinen som årsak til nestenhavariet til "Eemslift Hendrika".

NPK
03.08.2022

NPK: 7. april 2021 heldt lasteskipet «Eemslift Hendrika» med blant anna tungolje om bord på å grunnstøyte ved Stadlandet. Ein ny rapport peikar på at det blei gjort avgjerande feil ved lasting og vegval.

Det skriv Sunnmørsposten.

Det var i påska 2021 at det nederlandske frakteskipet «Eemslift Hendrika» fekk store problem 110 kilometer vest for Stad. Den 7. april var skipet berre sju kilometer frå å verte smadra i klippene. Noko som ville ført til at 350 tonn tungolje og 50 tonn diesel hadde lekt ut.

Den nye rapporten om ulykka er utarbeidd av Dutch Safety Board.

Rapporten avdekkjer klare feil og svakheiter ved korleis avløysarkapteinen valde rute sett opp mot vêr og vind, måten thrusterane vart festa på i lasterommet, korleis inspeksjon av last blei gjennomført, korleis kunnskap og oppgåver vart formidla i samband med mannskapsbytte og mellom reiarlaget og kaptein og at ingen inspiserte thrusterane.

Publisert: 03.08.2022 11:07

Sist oppdatert: 03.08.2022 11:21

Mer om