Stein Veland NAV MR foto Ogne
Regiondirektør Stein Veland i Nav Møre og Romsdal kan rapportere om lå. g arbeidsløyse, men også om færre utlyste stillingar. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Låg arbeidsløyse i heile 2025

Både Møre og Romsdal og Vestland har lågare andel arbeidslause enn landsgjennomsnittet.

19.12.2025

Ved utgangen av desember var 2464 personer registrert som heilt arbeidslause i Nav i Møre og Romsdal. Det tilsvarar 1,8 prosent av arbeidsstyrken. Også i Vestland fylke var andelen heilt arbeidslause 1,8 prosent i desember, meden den var 2,1 prosent på landsbasis. Det fortel Nav i arbeidsmarkedsstatistikken for desember.

– Med berre  200 i forskjell mellom høgste og lågaste sesongjusterte arbeidsløyse gjennom året har vi hatt både ei låg og stabil arbeidsløyse i 2025 i Møre og Romsdal. Dei sesongjusterte tala viser også at arbeidsløysa har gått ned dei siste to månadane, seier regiondirektør Stein Veland i Nav Møre og Romsdal i ei pressemelding.

Ulempa med låg arbeidsløyse er at det er vanskeleg å få tak i folk for bedrifter og i offentleg sektor. 

– Det er veldig positivt at så mange er i jobb. 2025 har vore prega av stabilt låg arbeidsløyse, sjølv med tilveksten av ukrainske flyktningar dei siste åra. Baksida av medaljen er at ei rekkje bransjar manglar arbeidskraft. Vi samarbeider med fylkeskommunen, arbeidsgivarar og andre aktørar for å kvalifisere folk til desse bransjane, seier fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland i ei pressemelding.

I Møre og Romsdal er det blitt løyst ut færre ledige stillingar enn i fjor.

I lat blei det lyst ut 20957 stillingea i Møre og Romsdal. Det er 2118 færre enn i 2024. Nedgangen er størst innan helse, pleie og omsorg, med 5491 stillinger i år mot 6180 i fjor.

Publisert: 19.12.2025 08:46

Sist oppdatert: 19.12.2025 08:46