(NPK): Arbeidarpartiet i Møre og Romsdal, Vestland, Rogaland og Trøndelag stiller sju konkrete krav til Høgre og Frp for å styrkje den maritime industrien framover.
Arbeidarpartiet meiner at opp mot 40.000 arbeidsplassar står på spel i Kyst-Noreg og at den maritime næringa risikerer å bli halvert.
Fylkesvaraordføraren i Møre og Romsdal, Per Vidar Kjølmoen, seier til NRK at det derfor må komme tiltak som monnar i neste års statsbudsjett. Det viktigaste meiner Kjølmoen er å få fortgang i bygging av båtar til forsvaret og forsking som vil gi arbeid til den maritime industrien.
I eit innlegg skrive under av tre fylkesordførarar og ein fylkesvaraordførar frå Ap og ein gruppeleiar, ramsar dei opp sju konkrete tiltak som må til i det kommande statsbudsjettet:
1. Grønn omstillingspakke til næringa på 2,5 milliardar kroner i året i fire år.
2. Tilskots- og låneordningar for klimavenleg ombygging av eksisterande skip i norsk økonomisk sone.
3. Gjere fylkeskommunane i stand til å halde fram utskifting av ferjer og snøggbåtar til miljøvenlege alternativ.
4. Vrakpantordning på dei minst miljøvenlege supplyskipa på norsk sokkel.
5. Gryteklare prosjekt innan offentleg eigde skip bør byggjast ved norske verft.
6. Auke tilskota til regionale utviklingsmidlar for å auke fylkeskommunane si moglegheit til å setje i verk regionale tiltak for maritim sektor.
7. Ein må forsere bygging av regionale samferdselsprosjekt som lettar transport av varer og knyter saman bu- og arbeidsregionar langs kysten.
(©NPK)

Publisert: 02.10.2020 16:52
Sist oppdatert: 07.04.2021 17:24