Legg hydrolyse satsing paa is
NYTT FORSØK: Anlegget for å utnytte restråstoff frå fisken ombord i trålaren Molnes skulle bryte ned råstoffet ved hjelp av hydrolyse. No er den metoden lagt til sides. Pål Roaldsnes (innfelt) overtok Molnes då reiarlaget Nordic Wildfish blei delt mellom dei tre eigarane. 
Nytt

Legg hydrolyse-satsing på is

Anlegget for å utnytte restråstoffet ombord på trålaren Molnes, innfridde ikkje forventningane. No blir eit nytt og enklare anlegg testa ut.

14.10.2020
– Vi arbeider med ombygging til ein annan type produksjon, seier Pål Roaldsnes.
Då fiskebåtreiarlaget Nordic Wildfish blei delt i tre var det Pål Roaldsnes som overtok trålaren Molnes, og restråstoff-anlegget ombord i den. Nordic Wildfish blei delt etter usemje mellom dei tre eigarane.

Lukkast ikkje

Men Roaldsnes seier Molnes-prosjektet ikkje var eit stridstema - problemet var at dei ikkje lukkast.
Ideen var å bruke hydrolyse for å bryte ned avskjær frå fangsten til olje, protein og kalsium. Det var meir komplisert enn venta, både fordi type og kvalitet på råstoffet varierte og fordi anlegget viste seg å ikkje vere godt nok, ifølgje Roaldsnes.

Lagt til sides

No er hydrolyseprossen lagt til sides - i alle fall inntil vidare, men planen er framleis å utnytte alt råstoffet frå fisken.
– Vi held på med å tilpasse til ein annan type produksjon, seier Pål Roaldsnes. Han vil ikkje gå i detaljar om prosess, anlegg eller sluttprodukt før alt er ferdig testa.

Forlik

Nordic Wildfish skulle etter planen levere råstoff frå hydrolyseanlegget i 2016, men det viste seg mellom anna at torskebeina ikkje blei brotne ned i tilstrekkleg grad og hydrolyseanlegget blei tilstoppa.

Det førte til ombygginga og utsetjingar for anlegget ombord. Anlegget vart aldri brukt til anna enn prøveproduksjon, seier Roaldsnes.
Sommaren 2018 vart ei rettsak mellom Nordic Wildfish og hydrolyseanlegg-leverandøren Skala avlyst etter at partane inngjekk forlik.

Vi held på med å tilpasse til ein annan type produksjon

Publisert: 14.10.2020 09:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03