Leiarskifte i Moerenot
VEKST: Utskiftinga i leiargruppa er ein del av dei ambisiøse vekstplanane dei neste fem åra, skriv Mørenot på sine heimesider. 
Nytt

Leiarskifte i Mørenot

Arne Birkeland (52) tek over etter Knut Berge (64).

03.10.2018
Birkeland blir konsernsjef i Mørenot, Nils Erik Bjørkedal driftsdirektør og Hans Fredrik Furstrand er tilsett som ny finansdirektør, skriv .
Birkeland var leiar for Westcon, Furstrand kjem frå tilsvarande jobb i Optimar medan Bjørkedal er internt rekruttert.
Endringane skjer som del av ein ambisiøs vekstplan for Mørenot, som strekkjer seg over dei neste fem åra, skriv konsernet på sine nettsider.
Under fiskerimessa Norfishing varsla avtroppande konsernsjef Knut Berge om at nye oppkjøp er rett rundt hjørnet.

Mørenot fekk tidlegare i år investeringselskapet FSN Capital inn som største eigar, med eit klart mål om å bruke Mørenot som utgangspunkt for å byggje opp eit større fiske- og oppdrettsutstyrsselskap.

Publisert: 03.10.2018 19:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26