Leiarskifte paa Myklebust Verft
GURSKEN: Myklebust Verft er største private arbeidsplassen i Sande kommune. No overtek Inge-Jonny Hide som plassjef ved verftet.
Nytt

Leiarskifte på Myklebust Verft

Hans Kristian Opsal går av som toppsjef på Myklebust Verft. Inge-Jonny Hide overtek.

24.08.2017
- Dette er ei stor og viktig utfordring, som eg gler meg til å ta fatt på, seier Hide.
Kleven-konsernet har økonomiske utfordringar, og er i ferd med å hente inn ny kapital gjennom å få nye aktørar på eigarsida.
Hide seier at det er spennande og krevjande tider, men at han ikkje merkar så mykje til dette på dei tilsette.
- Nei, dei tilsette står på som før, og forventar at eigarane bidreg til å finne ei god løysing.

150 tilsette

I dag er det rundt 150 tilsette på Gursken-verftet, som er den klart største private arbeidsplassen i Sande kommune.
Hide kjem opphavleg frå Sandsøya, men har busett seg i Gursken.
Han har jobba sidan 1991 i Kleven-systemet, og sidan 2000 på Myklebust.
Han går frå stilinga som HR-sjef til å verte plassjef.

Tre trålarar

Ved Myklebust Verft er ein i gang emd å utruste tre trålarar til utanlandske reiarlag, i tillegg til ein brønnbåt til Sølvtrans.
- Vi har godt med arbeid for tida.
- Vårt fokus framover er å gjere så godt arbeid som muleg, seier Hide.
Inge-Jonny Hide vert ein del av konsernleiinga hos Kleven, og vil rapportere til adm. dir. Ståle Rasmussen.
Les her:
Dei tilsette står på som før, og forventar at eigarane bidreg til å finne ei god løysing

Publisert: 24.08.2017 15:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:13