Leonardo da Vinci til Brattvaag i sommar
KABELLEGGJAR: 172 meter lange Lenonardo da Vinci kjem til vard Brattvaag i løpet av sommaren.
Nytt

Leonardo da Vinci til Brattvåg i sommar

Det 172 meter lange kabelleggingsfartøyet straks klar for tauing frå Romania til Vard Brattvaag.

09.06.2020
Italienske Prysmian Group sitt nye flaggskip Leonardo da Vinci er snart klar for å verte taua frå Tulcea-verftet i Romania til Vard Brattvaag.
Det opplyser .
Det vert opplyst at det vil ta rundt ein månad å taue skipet heile vegen frå Donau via Middelhavet, langs kysten av Spania, Portugal og Frankrike fram til Brattvåg, der det ventar eit omfattande arbeid med å utruste det som har blitt omtala som verdas mest avanserte kabelleggjar.

1,6 milliardar

Skipet skal etter planen setjast i drift i løpet av andre kvartal 2021.
Prislappen er heile 1,6 milliardar kroner på det 172 meter langt og 34 meter breie skipet. Om bord vert det innreiing for heile 120 personar.
I tillegg til design og bygging, er ei rekkje av Vard sine dotterbedrifter involverte i leveranser av utstyr til det spesialkonstruerte skipet.

2.000 meter djupne

Mellom anna skal kabelleggjaren kunne leggje kablar på meir enn 2.000 meter djupne, og utføre ei rekkje andre spesialiserte operasjonar.
Ved hjelp av det nye skipet vil Prysmian kunne tilby kundane nøkkelferdige prosjekt, frå engineering, produksjon og installasjon, til overvaking og diagnostiske tenester.
Prysmian Group er notert på den italienske børsen, og vert rekna som verdas største selskap innanfor legging av energi- og telekom-kablar.
Selskapet har meir enn 21.000 i tilsette i 50 land, og omsette i 2019 for rundt 80 milliardar kroner.
Selskapet har også hatt ein god start på 2020, men merkar konskevensane av covid-19.

Publisert: 09.06.2020 12:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58