Leverer sin foerste daglegvarerobot
STATSRÅDBESØK: Asko i Trondheim får snart levert roboten til høgre frå Sula-bedrifta Currence Robotics – der Torbjørn Krogen er dagleg leiar. Tysdag hadde bedrifta Driw – som Krogen også leiar - statsråd Knut Arild Hareide på besøk.
Nytt

Leverer sin første daglegvarerobot

Sula-bedrift håpar å tilby spennande jobbar til folk frå anna industri framover.

Marius Rosbach
19.08.2020

Currence Robotics som i fjor fekk støtte frå forskingsrådet, har i desse dagar klar sin første robot for levering til Asko i Trondheim.

– Roboten er ferdig bygd og står til testing, I løpet av dei neste vekene blir den frakta til Trondheim der den skal klargjerast for å bli teke i bruk, fortel dagleg leiar Torbjørn Krogen til NETT NO.

Ventar ingen revolusjon
Målet til Currence Robotics er ikkje mindre enn å starte serieproduksjon av robotar på Sunnmøre. Krogen påpeiker likevel at det er langt fram.

– Vi må få det til å fungere skikkeleg og det er eit forskingsprosjekt. Med Asko har vi ein partnar som har forståing for dette, og korleis vi kan skape verdiar, fortel han.

Krogen påpeiker at dei ikkje ventar nokon revolusjon dei næraste åra.

– Vi skal vere nøkterne og ha respekt for dei utfordringane vi står ovanfor. Samtidig er potensialet i marknaden veldig gode for denne løysinga, legg han til.

Han er nyleg også gått inn i sjefsjobben i Driw, og legg ikkje skjul på at dei og Currence Rorobtics har synergiar som kan nyttast.

– Det er same marknad og behov hos kundane og same moglegheiter for skalering, seier han.

Les også: Kostbare investeringar for Driw

Håpar på vekst
I dag er Currence Robotics 18 tilsette, og Krogen seier at «gode utviklarar alltid er interessante». På sikt håpar han at dei kan skape betydeleg med arbeidsplassar.

– Vi håpar etter kvart å kunne tilby spennande jobbar til folk med bakgrunn frå anna industri på Sunnmøre, seier han.

Krogen viser til kompetansen med industrialisering, også internasjonalt, og robotisering både i møbelproduskjon og maritim bransje.

– Vi ønskjer å vekse og tilsette folk som har vore med på slike ting før, og som har tru på skalering av konseptet, seier Krogen.

Kan halvere kostnadene
Krogen fortel at 90 prosent av daglegvarebransjen globalt gjer vareplukking manuelt, og at dette typisk utgjer kring halvparten av kostnadene hos ein grossist.

Roboten som Currence Robotics har laga, gir kundane deira moglegheita til å spare kring halvparten av kostnadene med vareplukking.

Den er spesiallaga etter krava i daglegvarebransjen og Sula-firmaet patenterer no ein eigenutvikla robotarm. Målet er at robotane deira skal forlenge levetida på eksisterande lager, og at kundane slepp å investere i fullautomatiserte anlegg og nye lokalar.

– Gradvis utrulling reduserer risikoen. Det gjer det mogleg å kjøpe ein robot for å sjå at den verkar, før ein gjer ei større skalering, seier Krogen.

Tidlegare har Currence Robotics selt ein pilotrobot som har vore nytta ved lageret til H.I Giørtz. Familiebedrifta frå Sula har også bidrege i utviklinga og er med på eigarsida. Krogen sjølv eig drygt 70 prosent av Currence Robotics.

Les meir: Vil serieprodusere roboter for dagligvarebransjen

Millionstøtte til bedrifter i Møre og Romsdal

Robot-revolusjon i skjeftefabrikken

Korona gir auka interesse for automatisering


Vi skal vere nøkterne og ha respekt for dei utfordringane vi står ovanfor. Samtidig er potensialet i marknaden veldig gode for denne løysinga

Publisert: 19.08.2020 05:55

Sist oppdatert: 10.03.2022 23:23