- Vi skulle ha fått bygt nytt bygg her i Torvika for mange år sidan, og vi skulle no langt på veg hatt det nedbetalt. Det er trasig å tenke på at det har tatt så lang tid å få løyve til å byggje.
Det seier Aasmund Torvik i Herøy-bedrifta Lextor Marin, ei bedrift han sjølv eig og har bygt opp sidan starten.
- Det er absolutt ikkje eit trugsmål, men slik situasjonen er burde eg eigentleg flagga ut heile bedrifta.
Greit resultat
I fjor omsette bedrifta for 26,7 millionar kroner, og hadde eit resultat før skatt på 0,3 millionar.
- Dette er vi greit fornøgde med. Vi klarer ikkje å produsere meir enn fem båtar i året, maks seks.
(saka held fram etter tabellen)
Lextor Marin | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2020 | 2019 | |
Driftsinntekter | 26,7 | 21,3 | |
Driftsresultat | 0,4 | 0,5 | |
Resultat før skatt | 0,3 | 0,4 |
Oppdrag for cruisetrafikken
Denne veka overleverte bedrifta ein 14,99 meter lang og 5,00 meter brei katamaran til Longyearbyen hamn.
- Eit fint oppdrag for oss. Det er også ein båt som er svært godt utstyrt, seier Torvik.
Båten ligg no i Tromsø, og skal deretter fraktast på lasteskip til Svalbard.
- Båten skal utføre ulike hamnetenester, inkludert å frakte gods til og frå cruiseskip som kjem til Longyearbyen.
Skroget blir isforsterka for å takle dei røffe forholda ved øygruppa og blir utrusta med moglegheiter slik at ein kan køyre i land over baugen.

Servicebåtar for oppdrett
Torvik seier at selskapet har bra med oppdrag framover.
- I ordreboka er det to katamaranar til oppdrettsnæringa, der den eine er 13 x 7 meter, den andre 12 x 5 meter.
- Vi har også god tru på å lande endå ein oppdrettskontrakt, ein katamaran på 12 x 6 meter.
Lextor Marin har 2,3 millionar kroner i samla eigenkapital og ei langsiktig gjeld på 0,6 millionar kroner.
Publisert: 01.10.2021 13:01
Sist oppdatert: 01.10.2021 14:24