Libra plast Damen FRA VENSTRE EINAR PIEROTH CEO LIBRA RIKKERT WALLACE CATEGORY MANAGER DAMEN WORKBOATS B V AND ARMAND NYSTAD SALES DIRECTOR LIBRA
AVTALE I NEDERLAND: Frå venstre, administrerande dirketør Einar Pieroth i Libra-Plast, kategorisjef Rikkert Wallace i Damen Workboats og salsdirektør Armand Nystad i Libra Plast. Foto: Libra-Plast
Nytt

Stor avtale for Libra-Plast

Skal levere ytterdører og luker til nederlandske Damen Shipyard Group.

13.12.2024

Administrerande direktør Einar Pieroth i Libra-Plast på Hareid anslår at den treårige rammeavtalen med Damen Shipyard Group vil utgjere inntekter på 15-25 millionar kroner på årsbasis.

Sjølv om Libra-Plast no nærmar seg 300 millionar kroner i årlege inntekter er avtalen med det nederlandske skipsbyggingskonsernet ein betydeleg avtale for Libra Plast, seier Piertoh til Nett No.

Avtalen kan forlengast.

Arbeidsbåtar
Rammeavtalen gjeld leveransar til arbeidsbåt-divisjonen til Damen Shipyards Group. 

"Avtalen statuerer Libras posisjon i det maritime markedet og er av betydelig verdi i forhold til å bygge selskapet videre, og inn i fremtiden. I tillegg vil vi takke Damen for samarbeidet og tilliten til oss med denne avtalen», seier Pieroth i ei pressemelding.

Libra-Plast har omlag 100 tilsette, fordelt på Hareid og Saldus i Latvia. Fordelinga av arbeidet med å lage dørene og lukene til Damen Shipyards Group blir omlag 50/50 mellom Hareid og Saldus, seier Pieroth til Nett No.

Vekst til Forsvaret
Libra-Plast fekk det børsnoterte svenske selskapet Lagercrantz Group som ny hovudaksjonær i 2021.

Selskapet har avvikande rekneskapsår. Dei to siste åra har selskapet gått frå 218 til 254 millionar kroner i inntekt, og ligg altså an til ytterlegare vekst i dette rekneskapsåret.

Auka leveransar til militære fartøy er ei viktig årsak til veksten, seier Pieroth. 

Publisert: 13.12.2024 12:17

Sist oppdatert: 13.12.2024 12:17

Mer om