Ligg foere skjema etter toeff start
OPPSVING: Sykkelsalet, og spesielt elsyklar, fekk eit oppsving under koronaepidemine.  Her er Kenneth Nydal i Intersport i Ørsta - eit selskap i Sunnmøre Sport Holding - i ferd med vise Grete Hagen Myklebust elsykkelen ho kjøper.
Nytt

Ligg føre skjema etter tøff start

Dei sju Sunnmøre Sport Holding-butikkane har meir enn tatt igjen det tapte, etter smell på smell i starten av året.

08.09.2020

2020 starta med lite snø i januar, held fram med konkurs hos grossisten Gresvig i februar, før koronaepidemien kom for alvor i mars.

Med ein slik start låg butikkane til Sunnmøre Sport Holding etter skjema då første kvartal var omme.

Men med koronaepidemien og tiltaka mot den la folk om på pengebruken og strøymde mellom anna til sportsbutikkane for å få tak i utstyrt til å dra på tur og vere ute i naturen.

Les også: Koronaboom for fleire bransjar

El-syklar og friluftsutstyr
No har Sunnmøre Sport Holding meir enn tatt igjen det tapte i starten av året og har hittil i år høgare inntekter enn på same tid i fjor.

Dagleg leiar Bjørn Valderhaug tek kjapt nokre eksempel ut av butikkstatistikken sin; ein auke i sykkelsalet i år frå 62 til 150 prosent og ein auke i salet av friluftsutstyr frå 30 til 67 prosent. For sykkelsalet er det el-syklar som tel mest, og både friluftsutstyr og sykkel har det til felles at det er relativt dyre varer.

Sjølv om veksttakta har dempa seg er salet framleis høgare enn i fjor på denne tida.

- Etter ferien har vi berre hatt ei veke som ikkje var høgare enn i fjor, seier Valderhaug om starten på haustsesongen.

Er spent
Trass i den gode opphentinga etter ein dårleg start er Valderhaug framleis spent på resten av året.

I 2019 låg butikkane godt an til starten av november, men lite snø gjorde at vintersesongen og skisalet ikkje kom i gang før jul. Det er hovudårsaka til inntektsnedgang og svakare resultat i fleire av butikkane i fjor. (Sjå tabell - på mobil finn du den nederst på sida)

Sju butikkar
Sunnmøre Sport Holding-konsernet omfattar sju butikkar; G-Sport Hofset og Straumane Sport i Ulsteinvik, Sport Ørsta og Straumane Sport Ørsta i Ørsta, Sport Volda i Volda, Sport Stryn i Stryn og B.S. Aure Sport i Sykkylven. B.S.Aure Sport er deleigd, dei andre heileigde av Sunnmøre Sport Holding.

Eigarane held til på Nordvestlandet. Største aksjonær er Steffen Kvalsvik Frøystad, Tore Hasund og Andrea Madelen Muren sitt selskap, Straumane Sport Holding, med 36,9 prosent av aksjane. Frode Hofseth eig 22,1 prosent gjennom sitt selskap Frode Hofset as.

Alle butikkane er Intersport eller G-Sportbutikkar, som skal samlast under Intersport-namnet.

Les også: G-Sport blir borte

Vurderer samanslåing
Med lokalt eigarskap vart ikkje butikkar i Sunnmøre Sport Holding direkte berørt av konkursen i grossistselskapet Gresvig i vinter, men det var tidkrevjande å kjøpe inn varer gjennom andre kanalar, seier Valderhaug.

Etter konkursen gjekk Sundefamilien, som eigde Gresvig, og Bjørn Rune Gjelsten saman om å kjøpe konkursbuet og reetablere eit grossistselskap og no er innkjøpsprosessen i ferd med å bli som før, i følgje Valderhaug.


Publisert: 08.09.2020 09:07

Sist oppdatert: 21.07.2022 17:12