Ligg godt innafor kostnadsrammene paa Nordoeyvegen
NORDØYVEGEN: Prosjektet skal gi veg for kring 2700 innbyggjarar på Nordøyane, over til Ålesund og fastlandet.
Nytt

Ligg «godt innafor» kostnadsrammene på Nordøyvegen

Fylkespolitikarane nøgd med arbeidet på kjempeprosjektet – men etterlyste betre rapportering.

Marius Rosbach
15.06.2020

Fylkestinget i Møre og Romsdal fekk måndag vite at arbeidet med å bygge Nordøyvegen ligg godt an. Både økonomi og drifta er teke godt i vare, kommenterte leiar Terje Hals i kontrollutvalet då han fekk ordet til saka.

Anledninga var at utvalet hadde fått ein frå BDO om Nordøyvegen og kva for risiko dei fann i prosjektet. Samferdsleprosjektet som kostar 4,9 milliardar, er det største nokon gong i regi av fylkeskommunen. Difor vil politikarane naturleg nok sikre seg mot ein kostnadssprekk.

Utvalsleiar Hals viste til at Kontrollutvalet med si undersøking vil vere aktive, og ikkje kome i ettertid når eventuelle overskridingar allereie er skjedd. Han fekk ros frå fleire kollegaer for arbeidet dei hadde gjort.



«Godt innafor» kostnadsrammene

Anders Riise (H) kunne informere om at prosjektleiinga for Nordøyvegen i papira til komande møte i utbyggingsutvalet opplyser følgjande:

«Med det vi kjenner til per i dag, ser det ut til at prosjektet kan gjennomførast godt innafor dei kostnadsrammene som er vedteke».

Riise (H) meinte det ga grunnlag til å dempe uroa nokre har hatt for prosjektet - sjølv om han også såg det var svakheiter i grunnlaget for rapporten frå BDO.

Peika på svakheiter

Også Kristin Sørheim (Sp) meinte rapporten hadde fleire svakheiter. Ho ville ha ei betre vurdering kring risiko og finansiering.

Samtidig meinte ho at rapporten var for negativ og og ikkje tok omsyn til fleire forhold som talde positivt for økonomien.

Ho la fram eit forslag saman med Høgre der politikarane mellom anna bad om meir oppdatert analyse av kostnadsutviklinga og føresetnadene for finansieringa.

Forslaget frå Sørheim fekk fleirtal. Det hadde også ei moderering, der politikarane tok rapporten til «orientering», i staden for «etterretning» - for å vise at dei ikkje var samd i alt innhaldet.

Ville bli orientert betre

Frank Sve (Frp) likte heller ikkje korleis BDO hadde jobba med rapporten og var ikkje nøgd med korleis politikarane hadde blitt orientert om arbeidet undervegs. Han roste prosjektleiinga, men meinte det har svikta hos fylkesadministrasjonen.

– Å ha eit så stort prosjekt utan å få klare skriftlege rapportar som kan gå vidare til fylkestinget, er ikkje forsvarleg. Det har vi påpeika mange gonger, men det har ikkje skjedd noko, sa Sve – og avslutta med at dei ville støtte forslaget frå fleirtalet og Høgre.

Å ha eit så stort prosjekt utan å få klare skriftlege rapportar som kan gå vidare til fylkestinget, er ikkje forsvarleg

Publisert: 15.06.2020 14:04

Sist oppdatert: 26.03.2021 10:39