Ligg ikkje paa latsida
TERØY, SØVIK: - Vi må ha tett samarbeid både med forskingsinstitusjonar, reiarlag, foredlingsindustrien og ingrediensprodusentar for å få ei sterk biomarin klynge. Det er ein vinn- vinn-situasjon for alle, seier Leif Kjetil Gjendemsjø. 
Nytt

Ligg ikkje på latsida

Omega 3-gründer Leif Kjetil Gjendemsjø tenkjer heile tida vidareutvikling av Pharma Marine. Etter å ha seld to tidlegare selskap, kunne han i staden drukke Pina Colada på ei strand. - Men det er ikkje like kjekt, seier han. 

Kristin Vidhammer
27.02.2017
- Ein blir aldri ferdig med å så. Vi må heile tida jobbe med å utvikle nye produkt, marknader og kunder og vi ønskjer å stadig forbetre oss, seier Leif Kjetil Gjendemsjø.
Han etablerte Pharma Marine i 2007. Gjendemsjø kjøpte bygget på Terøya i Søvika i 2008 og det er investert godt og vel 200 millionar kroner berre i anlegget.
Pharma Marine sel omega 3-olje til bedrifter verda over, basert på råolje som dei kjøper frå fiskereiarlag og produsentar. Pharma Marine raffinerer oljen og sel den i tønner eller tappa på flasker.
Oljen går til kundar i særleg USA, Europa, Asia og Australia, og som igjen sel og marknadsfører oljen i eigne produkt.
Les også:
Dei tre produktområda er Calamarine; som er olje basert på blekksprut (squid) med høgt DHA, Codmarine, som er olje med høgverdig omega 3-konsentrat frå torsk, og Lipidmarine, som er olje frå sardinar og ansjos.

Ny satsing

Tradisjonelt har dei levert olje berre på store fat, men i fjor investerte dei også i ei line for å tappe på flasker.
- Vi har utvikla eit nytt produkt, basert på omega 3-olje tilsett i olivenolje. Dette er eit produkt som vi lanserar no i første kvartal, seier Gjendemsjø.
Produktet er ein gourmetolje og som kan brukast til kalde rettar som salatar, dressingar, på brød etc. Oljen kjem med ulike smakar, som kvitløk, chili og basilkum mellom anna.
- Vi har utvikla dette som eit alternativ til å ta omega 3-kapslar eller tran, det er ikkje alle som likar det. Vi har funne ein god olivenoljeprodusent på Kreta og vi jobbar no med å selje inn produkta til fleire kundar.
Kundane vil selje produkta under eigne merkevarer. Dei har også samarbeidd med kokken Mindor Klauset, som har utvikla oppskrifter der oljen kan brukast.
- Oljen har god smak og mykje antioksidantar i tillegg til omega 3. Ei spiseskei av dette om dagen, dekkjer behovet ein treng. Vi trur sjølv at det er interesse for dette og det blir spennande å sjå.

Tøff konkurranse i veksande marknad

Leif Kjetil Gjendemsjø har ikkje vore redd for å satse opp gjennom åra. Pharma Marine er det tredje omega 3-selskapet som han har starta opp. I 1997 selde han selskapet Lipro, og som no er Epax. I 2006 selde han selskapet Napro Pharma, og som no heiter Marine Ingredients.
Det er tøff konkurranse i omega 3-marknaden, men marknaden er også raskt i endring og veksande.
- Norge har eit fantastisk potensiale, berre ein utnytter ressursane rett og tenker bærekraft, seier Gjendemsjø.
Det er blitt meir og meir fokus på MSC-sertifisering og å sikre at fisken kjem frå ein berekraftig biomasse.

Lanserte torskeolje i 2014

Han har i alle år jobba med norske råvarer, i tillegg til olje frå blekksprut, sardinar og ansjos som vert importert.
- Det er ein stor forskjell på fettsyresamansetninga i EPA og DHA i norske råvarer og desse importerte oljane, forklarer han.
I 2014 lanserte dei konsentrat frå torskeolje.
- Vi har fått til samarbeid med fiskereiarlag som ser moglegheiter i å utnytte ressursane. Havstrand var den første båten vi samarbeidde med, og no kjøper vi olje også frå Havbryn, Ramoen og Havfisk.
- Vi har ei fantastisk sporbarheit tilbake til den aktuelle båten som har levert råstoffet, seier han.

Har byrja å tene pengar

Pharma Marine byrja å tene pengar i 2014. Både i 2015 og 2014 vart resultatet før skatt i overkant av 15 millionar kroner. Omsetninga har vekse raskt, og i 2015 var den på nærmare 150 millionar kroner.
Pharma Marine låg på niande plass på Gaselle-lista over dei raskast veksande bedriftene i Møre og Romsdal i 2015.
- Vi har ikkje ambisjoner om å bli størst mogleg. Vi vil utvikle det vi har og lage gode produkt, seier han.
Ifølgje Gjendemsjø, ønsker dei i grove trekk å ligge på eit omsetningsnivå framover på linje med det dei har hatt siste åra.
- Målet er først og fremst å utvikle produkt for betre helse og liv, og vi er også opptatt av å utnytte restråstoff på ein så god måte som mogleg. Men sjølvsagt ønsker vi også å bygge opp ei solid bedrift, vi har jo gjort store investeringar. Vi berre peiser på, så får vi sjå korleis det går, seier han.
Les også:

Vil bidra positivt i den biomarine klynga

Det er også eit mål å bidra positivt i den sterke biomarine klynga som er i regionen. Gjendemsjø sit også i styret i Blue Legasea.
- Det er positivt at både Møreforsking og Helse Møre og Romsdal er medlemmar. Det same er det når NIFES (Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning) no har uttrykt interesse for å være med. At Sintef utvidar verksemda i Ålesund, er også veldig positivt. Vi må ha tett samarbeid både med forskingsinstitusjonar, reiarlag, foredlingsindustrien og ingrediensprodusentar for å få ei sterk biomarin klynge. Det er ein vinn- vinn-situasjon for alle.
Mykje er dokumentert når det gjeld positive helseeffekter på omega 3, men det gjenstår også mykje forsking.
- Det som er viktig for fiskerinasjonen Norge, er å ta leiarskap i å dokumentere helseeffektane av sjømat. Folk er også meir og meir opptatt av sunnheit.
Les også:

Store moglegheiter

Gjendemsjø påpeikar at næringa i regionen og nasjonalt vil stå mykje sterkare om ein klarer å utvikle gode ingrediensar og meir verdiskaping.
- Vi kan bearbeide fisken mykje meir i framtida og eg trur at vi kjem til å eksportere mykje meir ferdigvarer. Kontinentalsokkelen er eit stort matfat. Det gir grunn til stor optimisme og mange moglegheiter, seier han.
Men han er einig i professor Frank Aarebrot som meiner at Vestlandet må knytast sterkare saman.
- Difor treng vi å styrke infrastrukturen mellom byane på Vestlandet. Eg meiner også det er viktig for Haram å vere med i storkommunen Ålesund.
Han ser gjerne at Hamnsundsambandet (Ålesund Nord) vert etablert.
- For oss vil det bety mykje tettare kommunikasjon til Ålesund, noko som vil vere positivt både med omsyn til arbeidsmarknad og vilje til industrietablering her.

Kunne drukke Pina Colada istaden

Gjendemsjø meier at rammevilkåra for å drive verksemd i Norge, er relativt bra.
- Men formuesskatten er utruleg negativ. Vi må betale formuesskatt også i dei åra vi tapar pengar, og dei som ikkje klarer å betale ut utbytte, må låne pengar for å betale formuesskatten.
I tillegg konkurrerar dei med utanlandskeigde selskap som slepp å betale formueskatt.
- Vi driv ikkje skatteplanlegging, slik vi kunne gjort. Eg kunne vore på ei strand og drukke Pina Colada i staden, sjølv om det ikkje hadde vore like kjekt. Men vi investerer i staden i anlegg, utstyr og arbeidsplassar og blir straffa for det. Tenk kor mykje meir vi kunne investert dersom det vi har betalt i formuesskatt hadde kunne gått til eigenkapitaldel i nye investeringar? Formuesskatten er utruleg negativ for distrikts-Norge, seier han.
Gjendemsjø har 75 prosent eigardel i Pharma Marine. Midvest Fondene er også med på eigarsida med ca 17 prosent. Selskapet har i underkant av 40 tilsette. Både Haram kommune, Sparebanken Møre og Innovasjon Norge har vore viktige samarbeidspartnarar i etableringa av Pharma Marine as ifølgje Gjendemsjø.

Har vidareført familietradisjonane

Leif Kjetil Gjendemsjø har videreført tradisjonen som far hans starta. Lauritz Gjendemsjø byrja som fiskar på femti-talet; han kjøpte not og fiska mellom anna sild. Seinare bygde han ringnotbåten Klaring og starta fiskeforedlingsbedrifta Gjendemsjø Fisk.
- Han byrja å salte fisk i tønner, og mi første utdanning er tønnevaskar. Mi andre utdanning var torsketungeskjerar, seier Gjendemsjø.
Allereie den gong var det fokus på å utnytte ressursane i havet best muleg.
- På åtti-talet byrja vi å tenke på ingredienser i form av protein og mjøl.
Første selskapet han var med å etablere, var Ocean Napro i 1986. Deretter etablerte dei omega 3-bedrifta Ocean Lipro og bygde fabrikk i Brattvåg. I 1989 kjøpte dei tranavdelinga til Brødrene Aarseth, som inkluderte Oluf Holm og Peder Devold – to svært tradisjonsrike bedrifter. Norwegian Oils blei etablert i 1997.
- Det er lange trandisjoner for utnytting av olje frå fisk, tran har vore brukt i tusener av år, seier Gjendemsjø.
Les også:
Vi har ikkje ambisjoner om å bli størst mogleg. Vi vil utvikle det vi har og lage gode produkt

Publisert: 27.02.2017 10:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:06