Hasund Mek. Verksted omsette i 2018 for 6,5 millionar kroner, opp frå 5,7 millionar året før.
Dagleg leiar Vegard Hasund seier at ein har hatt oppdrag for ei rekkje kundar, men arbeider med ein kort tidshorisont.
- Auken i 2018 skuldast høgare aktivitet i fjerde kvartal i fjor.
- Aktivitetsnivået har halde seg brukbart også i første kvartal i år, noko vi forventar vil vere situasjonen også fram til sommarferien.
Vegard Hasund overtok som dagleg leiar etter onkelen Øyvind Hasund i 2011.
Øyvind Hasund arbeider framleis i selskapet, og står for dei 0,6 årsverka.
I perioden 1964 til 1982 vart det levert 27 skipsskrog frå selskapet. Lokale utstyrsprodusentar har vore dei viktigaste kundane etter at skrogbygginga slutta.
Men Vegard Hasund seier at ein også har andre selskap på kundelista.
- I fjor leverte vi blant anna til Brunvoll Volda, Selstad og Kvenna EMT.
Øyvind Hasund er største enkeltaksjonær i selskapet med 33,3 prosent av aksjane, medan Vegard Hasund eig 13,5 prosent direkte. I tillegg er han medeigar i familieselskapet Solvoll Invest som samla har 53,1 prosent av aksjane.
Dagleg leiar Vegard Hasund seier at ein har hatt oppdrag for ei rekkje kundar, men arbeider med ein kort tidshorisont.
- Brukbar aktivitet
Fjoråret slutta bra, og det har også vore ein bra start på 2019.- Auken i 2018 skuldast høgare aktivitet i fjerde kvartal i fjor.
- Aktivitetsnivået har halde seg brukbart også i første kvartal i år, noko vi forventar vil vere situasjonen også fram til sommarferien.
Familiestyrt
Selskapet har fem fast tilsette fordelt på 4,6 årsverk.Vegard Hasund overtok som dagleg leiar etter onkelen Øyvind Hasund i 2011.
Øyvind Hasund arbeider framleis i selskapet, og står for dei 0,6 årsverka.
Gjeldfri
Selskapet er i praksis gjeldfritt, og har større produksjonshallar som vert nytta til stålproduksjon.I perioden 1964 til 1982 vart det levert 27 skipsskrog frå selskapet. Lokale utstyrsprodusentar har vore dei viktigaste kundane etter at skrogbygginga slutta.
Men Vegard Hasund seier at ein også har andre selskap på kundelista.
- I fjor leverte vi blant anna til Brunvoll Volda, Selstad og Kvenna EMT.
Øyvind Hasund er største enkeltaksjonær i selskapet med 33,3 prosent av aksjane, medan Vegard Hasund eig 13,5 prosent direkte. I tillegg er han medeigar i familieselskapet Solvoll Invest som samla har 53,1 prosent av aksjane.
Publisert: 29.04.2019 11:11
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:34