Knut Flakkfoto Ogne
TØFT ÅR: Knut Flakk (midt i biletet) og døtrene eig Flakk Gruppen som omfattar reiseliv, eigedom og industribedrifter. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Rentesmell for Flakk Gruppen

Tresifra millionunderskot for andre år på rad. Har bremsa investeringar.

12.08.2025

Flakk Gruppen i Ålesund gjekk med underskot også i 2024, og har tilsaman minus 414,3 millionar kroner i løpet dei tre siste åra.

Det familieeigde konsernet omfattar mellom anna fleire hotell- og restaurantselskap på Sunnmøre, Devoldfabrikken og andre eigedomselskap, vindu- og dørprodusenten H Fasader, og ikkje minst medeigarskap i børsnoterte Hexagon Composites og Hexagon Purus, samt i hydrogenprodusenten Norwegian Hydrogen. 

Det er også Flakk Gruppen som står bak planen om å bygge gondol i Sula. Kommunal- og landbruksdepartementet sette  tidlegare i år sette foten ned for gondolplanen, men Flakk vurderer ein ny søknad.

Konsernet står mellom anna bak utvidinga av Union Hotel på Øye ved Norangsfjorden i Ørsta, ei investering på nær 300 millionar kroner. 

Konsernet er eigd av Knut Flakk og døtrene Erika June og Maria Lilly Flakk, gjennom eigne selskap. I fjor sysselsette konsernet 940 årsverk, ned frå 968 i 2023.

Meir gjeld, høgare rente
Den samla gjelda til konsernet er auka frå 2,2 milliardar kroner i 2022 til 2,6 milliardar i 2024 (1,3 milliardar i langsiktig gjeld i fjor). 

Samstundes har rentene auka og renteauken er den viktigaste årsaka til den negative resultatutviklinga, ifølgje årsmeldinga til Flakk Gruppen. I 2022 var samla finanskostnadar 86 millionar kroner, i fjor 204 millionar kroner.

I tillegg medverka auka rente til kursfall på dei børsnoterte aksjane og lågare aktivitet i byggebransje, som begge deler slo negativt ut for konsernet. 

Skifta sjefar
Dei store underskota har utløyst endringa for å få lønsemda opp:

"På bakgrunn av det svake 2024-resultatet er det iverksatt en rekke tiltak for å bedre lønnsomheten i konsernet. Herunder betydlige kostnadskutt, begrenset ny investeringsaktivitet og reduksjon av rentebærende gjeld,. Det har også vært gjennomført flere lederskifter i løpet av året. Styret forventer at de iverksatte tiltakene vil styrke konsernet konkurranseevne og lønnsomhet med effekt fra og med inneværende år", skriv styret i årsmeldinga for 2024.

Investeringar på is
Saman med Roger Hofset sto Knut Flakk bak etableringa av Aksjon for norsk eierskap i 2023. Aksjonen arbeider for å få fjerna formuesskatten. 

Då regjeringa auka skatten varsla Flakk at det gjorde at konsernet la hotellutbyggingsplanar på is, og formuesskatten blir også kommentert i årsmeldinga til konsernet:

"I tillegg til renteøkningene  er eierbeskatningen (formuesskatt + utbytteskatt) mer enn doblet under Støre-regjeringen. Dette gir store konkurranseulemper i forhold tilutenlands-eide og statseide bedrifter og reduserer investeringevnen betydelig. Konsernet har bl.a. skrinlagt reiselivsinvesteringer i størrelsesorden 1.mrd. NOK som følge av dette." skriv styret i årsmeldinga.

Flakk Gruppen as (konsern)  
Tall i mill. kroner20242023
Driftsinntekt1371,91326,4
Driftsresultat-12,4-71,7
Resultat før skatt-173,0-207,6

Publisert: 12.08.2025 09:27

Sist oppdatert: 01.01.2026 16:17

Mer om