Litt betring i Vestland
Nytt

Litt betring i Vestland

Færre arbeidsledige i Vestland, men framleis mange permitterte i Stryn.

12.05.2020
Talet på heilt ledige personar i Vestland er redusert med 3361 den siste veka frå 28.271 til 24.910. Samstundes er det ein auke i delvis ledige på 1472 personar denne veka.
Talet på heilt ledige i Vestland fylke utgjer no 7,4 prosent, ned frå 8,4 prosent for ei veke sidan, blir det opplyst i ei pressemelding.
– Dette er ei venta utvikling som vi også ser på landsnivå. Samstundes kjem det nye arbeidssøkjarar inn i statistikken med om lag 800 denne veka. Dette er over dobbelt så mange som vanleg før krisa. Dette syner godt kor som rørsle det er på arbeidsmarknaden no, seier Anne Kverneland Bogsnes, direktør NAV Vestland.
– Likevel er det gode nyheiter at marknaden no betrar seg for alle som er utan arbeid. Vi ventar at denne utviklinga vil halde fram i vekene som kjem, legg Bogsnes til.

Mange er delvis ledige

56 prosent av dei som er registrert som heilt utan arbeid er fulltidspermittert, og heile 79 prosent av dei som er registrert som delvis ledige. Det er venta at svært mange av dei som no er utan arbeid i fylket vonleg snart kan starte opp i att i jobben dei hadde før krisa.
For Stryn kommune er det no 285 personar som er heilt ledige, noko som tilsvarar 7,5 prosent av arbeidsstyrken.
I tillegg er det 429 permitterte, som utgjer 11 prosent.
I Stad kommune er det 300 permitterte og i Gloppen 145.
Ser ein på yrkesfordelinga, er det klart flest permitterte i reiseliv og transport, samt i butikk- og salsarbeid.

Publisert: 12.05.2020 15:24

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57