SYNSTE MORE
NETT OG PAPIR: Synste Møre publiserer både på nett og papir. Skjermfoto av nettavisa.
Nytt

Lokalavis merkar annonsefall

Etter liten vekst kvart år frå 2020, bikka inntektene litt ned for Synste Møre i fjor.

14.04.2026

Det er nedgang i annonsemarknaden som er hovudårsak til inntektsnedgangen for lokalavisa i Vanylven i fjor (sjå tabell), fortel dagleg leiar, redaktør og medeigar Rønnaug Søvik.

Avisa kjem i papirutgåve kvar torsdag og publiserer dagleg i nettutgåva si.

Synste Møre er har ni eigarar, med bustad eller sterk tilknytning til Vanylven. 

Lågare opplag, færre folk
Den siste statistikken frå Mediebedriftenes Landsforening viser at Synste Møre hadde eit opplag på 1826 aviser i andre kvartal i fjor. Det omfattar både reine nettavisabonnement dei som har både papir- og nettutgåve.

Ti år tidlegare var opplaget 2214.

Folketalet har i same periode falle frå 3315 til 3039.

Høg dekningsgrad
Målt etter opplag i høve til folketalet i kommune har Synste Møre ei uvanleg høg oppslutning.

Det skuldast først og fremst at mange utflytta vanylvingar er abonennentar og følgjer med kva som skjer i heimbygda gjennom avisa. 

Synste Møre as  
Tal i mill. kroner20252024
Driftsinntekt4,44,7
Driftsresultat0,20,3
Resultat før skatt0,20,3

Publisert: 14.04.2026 14:45

Sist oppdatert: 14.04.2026 17:23

Mer om