Lokalmatselskap gjekk over ende
Stranda-selskap melde oppbod etter koronautfordringar og tapt eigenkapital.
Det er opna konkurs i Sunnmøre tingrett etter at Slogen Mat har meldt oppbod.
Bustyrar for konkursen, Mari Vik-Slettvoll, fortel til NETT NO at ho har snakka med drivarane, men at det er for tidleg å uttale seg om den utløysande årsaka til konkursen. Første skiftesamling i saka er 29. mars.
Tapt eigenkapital og koronautfordringar
Familebedrifta på Stranda har stått bak drift av gardsbruk og gardskjøkken i 12-13 år med produksjon av ulike kjøtt- og fiskeprodukt. Råger Arne og Astrid Pernille Engeset eig bedrifta som har sysselsett to årsverk.
Dei siste offentlege rekneskapane viser at det har vore utfordringane år for lokalmatselskapet.
Etter rekneskapsåret 2019 erkjente styret at eigenkapitalen var tapt. I årsrapporten datert i mai 2020 blir det også vist til svært stor usikkerheit som følgje av koronapandemien, som har gitt ein rekke utfordringar for drifta.
Vurderte fleire grep
Styret viser til at dei vil ta fleire grep for å kutte kostnadar og betre resultatet framover. Ny kapital, eller omgjering av gjeld til aksjekapital var andre løysingar som blei vurdert.
Slogen Mat-selskapet har gått med underskott etter 2015. Inntektene gjekk også ned frå kring 2,3 millionar i 2017 og 2018 - til 1,8 millionar kroner i 2019.
Færre konkursar
Trass i store utfordringar for delar av næringslivet i fjor, gjekk talet på konkursar ned – og ikkje opp i løpet. Trenden for bedriftene på Nordvestlandet held seg etter den første månaden i 2021.
I januar 2021 var det åtte konkursar i Møre og Romsdal, mot 26 i same månad i fjor. Også i Vestland fylke er det registrert langt færre konkursopningar i januar i år, samanlikna med i fjor.
Mykje av årsaka til låge konkurstal er at Skatteetaten har vore tilbakehaldne med å gå etter nye krav, og truleg at bankane har gitt utsett betaling.
Les også: Konkursbølgja kom ikkje i koronaåret
Publisert: 10.02.2021 14:02
Sist oppdatert: 29.04.2021 13:11