Lokkar med 90 jobbar
MARKERTE STARTEN:  Kristine Dahl, Stad 2020, Åslaug Krogsæter, Svein Rotevatn, Nordplan, Trond Haavik, Segel, Alfred Bjørlo, Eid kommune, Rebekka Borsch, Kunnskapsdepartementet, Jarle Melheim, Caverion, Ove Lillestøl, Eid vidaregåande skule og  Tore Hjelle frå Eid Elektro markerte i sommar starten på undervisnings- og klyngesamarbeidssatsinga i Nordfjord.
Nytt

Lokkar med 90 jobbar

Dei første studentane er godt i gang på Nordfjord Virtuelle Campus. Studietilbodet skal mellom anna sikre rekruttering til lokale bedrifter.

23.10.2019
Åtte bedrifter med til saman 250 tilsette har vore med på å dra i gang det nye studietilbodet på Nordfjordeid der 26 studentar no tek tekniske fagskuleutdanning innan elektro og automasjon. Utdanninga er på deltid over tre år der studentane kommuniserer med læraren på nett, i tillegg til å ha tre samlingar i halvåret. Samlingane går dels på nett, dels ved at studentane møtes på Nordfjordeid.

Dei åtte bedriften som har gått i spissen for å få etablert Nordfjord Virtuelle Campus - nyleg omdøypt til Inviro - har tilsaman 250 tilsette og ser for seg at dei kan trenge 90 til innan tre år, seier Trond Haavik, som er prosjektleiar for Inviro-satsing. Selskapa har sitt tyngdepunkt i elektro- og automasjonsbransjen, og er bekymra for at rekruttering kan bli ein flaskehals som hindrar veksten framover.

Ein av fem som reiser ut for å få utdanning kjem ikkje tilbake, medan fire av fem som tek utdanninga si i fylket blir buande, viser erfaringane i Sogn og Fjordane. Det grunnen til at initiativtakarane har lagt vekt på å etablere ei utdanning med base på Nordfjordeid.

Søkjer sjef

I sommar fekk Inviro melding om prosjektet fekk to millionar kroner i statleg støtte.
Det kom i tillegg til åtte millionar kroner i støtte frå Sogn og Fjordane fylkeskommune og bidrag på til saman 7,2 millionar kroner frå Sparebanken Vest, Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane og bedriftene, slik at prosjektet til saman hadde sikra 17,2 millionar kroner i finansiering.
Elevane som byrja på deltidsstudiet i haust kjem frå Nordfjord og Sunnmøre. Tyngdepunktet av elevane vil kome derifrå også framover, men Haavik seier Inviro og vil vere eit tilbod til alle.

Bygge vidare

No søkjer Inviro etter dagleg leiar, som mellom anna skal utvikle satsinga vidare.
Målet er både å utvikle undervisningstilbod til andre tekniske fag og byggfag, tilbod om kortare kurs og eventuelt gjere det råd å studere vidare til ingeniør og sivilingenør.
Den nye sjefen skal også nå det andre målet for Inviro-prosjektet, å utvikle eit tettare samarbeid mellom bedriftene inn mot forsking og utvikling.
Ei rask digitalisering i næringslivet er spesielt krevande for små og mellomstore bedrifter, og tankne bla Inviro-prosjektet er at eit tettare samarbeid vil vere ein fordel.
Det handlar og om å kunne utvikle samarbeid med aktørar i utlandet, blant anna gjennom EU sine støtteprogram for forsking og utvikling i næringslivet.
- Nokon av bedriftene er involvert i EU-søknadar med bedrifter langt unna, seier Haavik.

Eige bygg

I dag leiger Inviro undervisningsrom hos Eid Vidaregåande skule.
Målet er å flytte inn i eit eige bygg som og kan romme laboratorium for studentane. Det kan tidlegast stå ferdig i 2021, etter Haavik si vurdering.

Publisert: 23.10.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:42